Frå fiskevær til kulturmiljø

Av Kolbein Dale

Heilt mot slutten av fjoråret vart eit fredingsforslag som kulturmiljø etter § 20 i Kulturminnelova sendt til Riksantikvaren. Ei lang historie om å finne lagleg verneform for fiskeværet Sør-Gjæslingan i Vikna kommune på Namdalskysten gjekk med det inn i sitt siste kapittel.

I 1975 kom Jens Lie-Gjeseth attende til Vikna som tidlegpensjonert frå Forsvaret. Kulturvernet i distriktet fekk ein aktiv og engasjert medarbeidar med sterke barne- og ungdomsminne frå kysten, og evne til å gripe sjansene når Kultur-Noreg var i ferd med å oppdage kystkulturen. Han var styrar på deltid for Woxengs Samlinger, eit privat museum Vikna kommune hadde fått hand om, og kulturpolitikar i den nye fylkeskommunen. Dermed hadde han eit nettverk å spele på. I 1977 fekk Nord-Trøndelag ny fylkeskonservator, og fordi om han kom frå ei fjellbygd på Austlandet, eller kanskje nettopp difor, var han oppteken av å bli kjent med kystkulturen.

Det tredje hamskiftet var i full gang i dei ytre kystsamfunna. Tidleg på 1900-talet kom motoren i båtane. Den gongen førde det til konsentrasjon om færre fiskevær på kysten, og auka aktivitet i større vær som Sør-Gjæslingan. I denne perioden fekk fiskeværet ny infrastruktur med sjukestue og telegrafbygning, fiskarheim, forsamlingslokale og fleire butikkar. I nokre år på 1930-talet såg ein tydeleg at fiskarane hadde vorte meir mobile. Lofotfisket slo feil nokre år og då strøymde fiskarane til Vikna-væra, og ikkje minst til Gjæslingan.

Det andre hamskiftet kom etter krigen. Infrstrukturen vart bygd ut med elektrisk straum frå fastlandet og distiktspolitisk satsing på fastbuande familiar. Fiskarane som kom til været i sesongen, kom for å levere fisk, men dei budde i båtane sine, ikkje i rorbuene dei anten leigde av væreigaren eller leigde tomt til.

Ei stund blomstra slike småsamfunn opp, men det vart ikkej varig. Med dei store endringane i det norske samfunnet frå 1950-talet fall grunnlaget for slike utkantsamfunn etter kvart bort. På 1970-talet var det det tredje hamskiftet ikkje til å stoppe. I 1975 fekk folket stønad til å flytte derifrå. Framleis kjøpte væreigaren fisk for henging til tørrfisk, men med konflikt i Nigeria i 1978 brann han inne med så mykje fisk at konkurs ikkje var til å unngå.

Kommune, stat og museum
Etter konkursen kjøpte Vikna kommune øyar og holmar med hus på, fiskemottaket og væreigarhuset med butikk. Med stønad frå fylkeskommunen kjøpte museet dei andre husa som væreigaren åtte. Holmar og skjær utan hus overtok staten ved Miljøverdepartementet.

Med denne handelen var det eigentleg ikkje noko anna alternativ enn vern, og ei gruppe starta straks opp med arbeidet med vernetiltak og verneplan. Problemet med verneplanen var å tilpasse verneformen til det einaste aktuelle lovgrunnlaget den gongen, plan og bygningslova. Ein reguleringsplan på dette grunnlaget var først på plass like før verneplanarbeidet med heimel i Kulturminnelova kom i gang.

Mangelen på høveleg heimel og gjeldande plan var likevel ikkje til hinder for at Woxengs Samlinger kunne setje i gang praktisk vernearbeid på dei bygningane museet hadde – etter kvart også på kommunens bygningar. Gjennom det meste av 80-talet og til dels også på 90-talet har det vore tilgjengelege sysselsettingsmidlar til slikt arbeid.

Kulturmiljø
Frå 1993 hadde kulturminnelova ein § om freding av kulturmiljø. Nord-Trøndelag fekk prøveprosjekt som skulle klarlegge korleis denne paragrafen kunne brukast. Det var ingen tvil om at Sør-Gjæslingan var eit kulturmiljø som passa heilt inn mot denne lovheimelen. Men å utgreie og legge til rette ei fredingssak som i siste omgang skal vedtakast av Kongen er ikkje ei rask og enkel sak. Dei siste 3 tre åra har det vore arbeidd ganske intensivt med dette, både med det faglege grunnlaget for freding, forvaltningsplan, utviklingsprosjekt og meir til som høyrer med til eit slikt saksområde.

Den regionale delen av denne prosessen er no ført til endes. I tillegg til at område på land er med i fredingsforslaget, er også sjøområda som høyrer eigedomen til, delvis med i fredingsforslaget. Dette er det sjøområdet fiskaren kan samanlikne med innjorda til bonden.
Det største bruket var det som no blir kalla ”Slektsgarden” Her er det ei skikkeleg lån med plass til to familiar og leigebuarar.

Kongens vedtak
Ved inngangen til 2006 er det håp om at vi kan feire at kulturmiljøet Sør-Gjæslingan er freda. Kvardagen startar. På møte i det samarbeidsutvalet som er etablert, fekk vi vite at dei mange private huseigarane i været har skipa til ei velforening. Dette peikar i rett retning både for det faktiske vernearbeidet, men også for partnerskapen mellom offentlege og private interesser i været.

Hylla er det nordlegaste bruket på Heimværet. I 1977 sto det framleis eitt av dei gamle torvtekte husa her, men det vart borte før verneplanen vart effektiv.

Skrevet av Kolbein Dahle