Hilderøya-Øyværet-Gjæslingan og Olav Duun

Hilderøya-Øyværet-Gjæslingan og Olav Duun

 

Av Kolbjørn Gåsvær (Gjengitt etter tillatelse av Kolbjørn Gåsvær 24.10.2007 )



Olav Duun rodde fiske i Gjæslingan i åtte vintrar i lag med far sin og ein del andre fiskarar frå Jøa på slutten av førre hundreåret.
Det var ikkje noko spesielt med det, for mest alle ungdommar frå Jøa var der på fiske om vintrane. Dei gode åra var det liv og røre - men det var ikkje alltid slik det var. Det var landligge på styggeversdagar, og dei kunne bli overraska av storm på havet. Da var det gjernast å halde unna og berge seg som best ein kunne. I storåra var det hundretals båtar der ute. Dei kom frå Helgeland i nord og til Fosenhalvøya og enda lenger frå sør.
Åtte vintrar var Ole Johannesen Duun med, og det han opplevde, lagra han til bruk seinare. Det er slik vi kan tenke oss det.
Åra var trulig frå 1891 til1899.
Dessutan skal han ha vori leigekar ein vinter i Sørøya - som godt kan vera som ein "modell" for Hilderøya, like gjerne som Gjæslingan kan vera det. I alle fall kan modellen til Etvard Jørgen vera henta der, om vi skal tru på det som er fortald.
Vi skal komma tilbake til det seinare.
Men når vi les bøkene "Hilderøya" og "Menneske og maktene", kan vi vera bra sikre på at det er Gjæslingan først og fremst som er underlaget. Der har han opplevd landskapet og havet slik han skildrar det i dei her bøkene. Og ein del av dei menneska han skildrar, har han nok også møtt der på eitt eller anna vis. Kanskje har han møtt den romslige Helmer på fiskarheimen ein kveld eller kan hende fleire. Bua Duun budde i låg berre eit steinkast frå fiskarheimen, og Duun var sikkert der, han som dei andre. Der styrte emissæren, oftast med fast hand. Somme av dei var kanskje noko for strikse, andre meir menneskelige. Kanskje møtte han både typen Svein og Edvart Jørgen der. Om altså ikkje den siste har hatt sin modell frå Sørøyan.
Vi veit det ikkje, men vi kan tenke oss det.
* Vi kan vel tenke oss at både "Olsøygutane" og "På Lyngsøya" kan ha ein
del drag frå Gjæslingan, men dei er ikkje fullt så tydelige. Det verkar og som han har plassert dei litt annleis i havlandskapet - utan at vi skal komma nærmare inn på det.

Gjæslingan kan vi ta for oss reint historisk. Hilderøya er det verre med, for ein kan på ein måte seie at denne øya eksisterer ikkje - i utgangspunktet. Reint språklig er det ei øy som "hildrar" opp av havet, på ein måte bak horisonten. Alle som har vori ute ved havet ein sommarkveld, opplever at øyer og holmar liksom flyt over havranda. Det er "hildringa" som gjer dette. Det er inga luftspegling a la fata morgana dette, men likevel er det ei form for atmosfærisk verknad som gjer at vi ser det vi ikkje skulle sjå. Dei ligg eigentlig bak havranda. På det viset kan ein vel også seie at Gjæslingan har fått namnet sitt på grunn av ei "hildring". Namnet er gitt frå innsida av Folda, der ein ser holmane ute i havranda flyte oppå, slik at dei minner om gåsungar. Det er nemlig det namnet betyr
Vi kan kanskje sjå litt på korleis ordet hildring blir oppfatta i ordbøkene, og kan nemne at "Tanums store" forklarar det som "luftspeiling", og det er rett nok - ut frå det som er sagt
Ivar Aasen har også ordet med i si ordbok- i tre nærskylde variantar .
Først substantivet "hilder", som han forklarar slik: "en tynd Taage; ogsaa det samme som Hildring." (Nordl.)
Verbet "hildra" skriv han dette om: "hæve sig, rage høit op, om Ting som vise sig større end de ere; f.Ex. Bjerge eller Øer, naar man ser dem i taaget Luft. (Nordl., Nordre Berg, o.flere.) Hedder ogsaa gildra (jildra). Maaskee til Hjell. Paa Isl. hylla (hilla)."
Endelig skriv han om subst. Hildring: "det Tilfælde at Tingene synes større end de ere; s. hildra. "
I "Den store nynorskordboka " og den tilsvarande på bokmål finn ein forklaringar som samstavar med dei ovanfor. Her er elles tatt med litt meir. Om hildre: sjå ut til å sveve i synsranda, og vise seg i fantasien som noko uverkeleg og uoppnåeleg, å dåre, (for)trylle, forgjere.
Her er også forma hildrande, som pr.pt. og adverb, f. eks. hildrande fager .
Til hildring er tatt med ei forklaring: fantasiførestilling og hallusinasjon.
Som ein ser, er det meir enn nok med ordet til å egge draumar og tankar omkring eit fantasiland.
Erik Byes vise" "Hildringstimen" seier også noko om korleis han oppfattar det ordet vi her har tatt for oss.
Rolv Thesen skriv om namnet "Hilderøya " i si store bok om Duun: "Dette namnet har han funni ytst ute i havet utanfor Namdalen. Slik heiter ein berggrunn der ute, eit farleg fall som i stormdagane sender sin kvite sjøsprøyt opp mot himmelen. Segna fortel at det var ei øy der ein gong. "
Vi kan vel fylle ut litt:
Hilderøybotnet finn vi sørvest i havet ut for Nordøyan. (Ikkje så langt frå der hurtigruta St. Svithun gjekk ned!) Fallet heiter "Hilljdurn" (utt. med tostava tone-lag og muljert l.) Her kan ein vel også nemne eit anna namn - på den fiskegrunna som ligg inn mot "Hilljdur'n", og det er Hilderøyhausen.
Slik kan ein seie at namnet Hilderøya ikkje eksisterer anna enn i fantasien - og som ei segn, slik Thesen har høyrd det. Duun var ikkje i Nordøyan på fiske, det vi veit. Men under sine opphald i Gjæslingan har han sikkert høyrd om både Hilderøybotnen og Hilldurn. Det er i alle fall rimelig å tru. Ikkje minst kan han ha høyrd om dette da han var leigekar hos Benoni i Sørøya!
Da kan han også teoretisk ha vori i Nordøyan, Men vi veit det altså ikkje.
Dialekten Duun lar folka på Hilderøya bruke, er "utafoldingsdialekt", slik vi på innsida av Folda gjerne seier. Dei seier "sjy'n" der vi har "sjø'n", dei seier "eg" der vi har "æ" og slikt. (Her må ein vel nemne at Rørvik-området ikkje lenger har utafoldingsdialekt.)
Men det er eitt av dialektorda som skil seg ut. Duun lar både Svein, Edvart Jørgen og dei andre på Hilderøya bruke nektingsadverbet "ikkji". Dette finnes i dag berre på Leka og i Bindalen. Det kan vel hende at det har vori brukt på Ytter-Vikna ein gong, men det vi kan sikkert seie, er at det ikkje er i bruk der i våre dagar. Dei seier "itj", slik det blir sagt over stordelen av Namdalen.
Om Duun dermed har fari feil, eller om ban har "fiska opp" ordet frå folk frå
Leka eller Bindalen, det kan vi sjølvsagt ikkje seie noko sikkert om. Det som er sikkert, er at han ikkje berre fiska skrei i Gjæslingan!
(Her bør vi kanskje, når vi først er inne på dette, nemne at store delar av ytre og søre Helgeland har forma "ikkji" - i alle fall i Sømna og Brønnøy. Lenger nordpå , seier dei "ikkje".)
Kanskje har han forma "ikkji" frå rettelig gamle viknaværingar, men som sagt er forma ukjent i dag. Men både lekværingar og bindalingar var i Gjæslingan, dei og, og det same gjeld dei to kommunane nordom Bindalen også. Men det skal vi også komma tilbake til seinare.
Ettersom Hilderøya ikkje eksisterer i verkeligheita, berre i namnet Hilderøybotnet - og i segna om øya som forsvann i havet - og som Thesen samanliknar med segna om Atlantis - måtte Duun sjølvsagt skape si eiga Hilderøy og bruke namn som han delvis dikta opp - og delvis tok frå andre område som han kjente. Det er namn som Heimværet og Hylla. Elles har vi namn som Storøya, Pålsøya, Urholmen, Stongbaugen, Sandøya, Skanken, Lone(t), Djupråsa, Leisundet, Surnøya og andre. (Stonghaugen kan godt vera identisk med Nakken, der stonga med utrorsmerket vart heist. Elles har vi namnet på Brakstad på Jøa. )
Sørfjorden inne ved fastlandet er vel det same som det som blir kalla det i dag og, men som også heiter Sør-Namsinn.
Kjerka og ungdomshuset ligg på ein stad som heiter Garmannstad - og det er ikkje mykje om å gjera at det ikkje er same namnet som Garstad. Da stemmer det med både kjerke og ungdomshus!
Litt artig er namnet Henrik Brua, som blir til Henrik Brun. Det er ikkje nødvendig at det er berre fleip. Endringa kan forklaras ved at det er ein dativ. På Hilderøya finnes ikkje dativ, men Henrik Brua var ikkje derifrå. Han var frå innlandet. Duun smilte nok med seg sjølv da han gav han det namnet, det er så.
Duun brukte dativ mange gonger for å vise at folk var frå innlandet einkvan staden. Det kan hende det låg under her og. I "Juvikingar", "l blinda" og i "Storbrylloppe" lar han også dativen komma fram - helst i det vi kan kalle faste uttrykk. Substantivet "æg" for "æ" blir også brukt- enda det jamt var borte i dialektane her på innsida av Folda alt i Duuns unge år. Ein og annan gammalkaren brukte "æg" - som det enno finnes restar av i Fosendialekten, frå Roan og rundt kysten til Stadsbygda i alle fall. Dessutan har forma vori i bruk i indre Trondheimsfjorden. Kanskje er det enno ein og annan som brukar den?
Stort sett er Duun sikker når han brukar forskjellige dialektar, men det hender han bommar no og da. Arnold Dalen peika på dette i ei samtale underskrivne hadde med han om det. Han nemner novella "Fyrste skuledagen", der Duun brukar innheradsdialekt, men ikkje gjennomført.
At Brua vart til Brun kan det ligge godmodig fleip bak. Det er det nok også når far hans Svein blir kalla "Ponsius". Han var litt for glad i det sterke, og dermed gav namnet seg sjølv! "Pons" var dialektform for det engelske ordet "punch", som var ein heller vanlig festdrikk ein gong i tida. Namnet kjem forresten ikkje frå engelsk opprinnelig, men frå sanskrit! Det betyr fem, og siktar til dei fem ingrediensane det skal vera i drikken. (Det var "pons" som vart servert i festen i Fagerneset i "Medmenneske". Didrik Dale vart jammen full nok av den!)
Slik fleip, slike utnamn var heller vanlig. Men ein kan knapt seie at "Sylvreven" var eit godmodig utnamn. Det var slett ikkje harmlaust!
Det er altså ikkje noko problem å slå fast at Hilderøya ligg ein stad vest i havet.
Og innleiinga til romanen seier det slik:
"Innanfrå land kan ein i godverskveldar sjå kor øygaren tøyer seg vestover, til han blånar bort i ei smal stripe lengst ute millom himmel og hav. Så er det berre endeløysa.
Men i stille kveldar og somarnæter hildrar det opp eit land endå lenger ut, skyblått og einslig, - ein hadde gløymt at det var der, og kjenner det som ein trykk for bringa. Det skal bu folk der ute.
Dette landet heiter Hilderøya.
Dei innpå fastlandet veit gjerne så mykje om det, at det skal vera tri storvorne øyar og ei mengd med holmar og skjer. I gamle dagar var det fiskevær, med handel og fullt liv om vinteren, og dessutan var der ein stor landkjennings-fyr, som heldt utanskjers-fararane frå land, for havet utanfor var eit farlig farvatn.
No er det sløkt og slutt med allting. Torsken kom så sjeldan inn, sistpå; og fyren vart fløtt lenger nord. Det skal vera så vidt det finnes folk der.
Det løfter seg over havflata som eit syn frå ein annan heim. Det kviler som ein langframand fugl der ute i somarnattsblenken. Og namnet er som eit minne frå gamle og gløymde tider. "
Det er grei nok skildring av det som er Hilderøya - langt vest i havet.
Men så, når Duun skal nærme seg dette landet der ute, og så å seie stige inn i det, blir landskapet nært og levande, og menneska der blir vi kjente med litt etter kvart, både Tomsingen og dei andre. Han fører oss inn der litt om senn:
Det er ei lita, vindskeiv hytte, det er eit litt større og ikkje så vindskeivt hus, det er eit stort hus, kvitt med raudt steintak og to lange rader med vindauga. Der bur frua i Lonet og dotrene.
Lonet ja, det er "ei dæld, eit lon dei kallar, som gjekk tvert over øya med ein brei grasvoll i midten og ei tjønn øvst oppå."
Lon, det betyr helst stilleståande vatn, det. Så det er vel tjønna som har gitt namnet, vil vi tru.
Og så er det folka som blir med i det dramaet Duun lagar for oss. Det er Svein, det er Hanna og Herborg - og det er nykommaren Edvart Jørgen, som blir motmann til Svein, motmann i det meste.
Dette dramaet skal vi ikkje ta for oss her og no, men heller dra fram landskapet som Duun fører oss inn i:
"Ute i nordvest brann det gulraudt og tungt etter dagen som døydde. Det lyste over båreryggane som kom sigande, det la den sukkande glansen sin over berg og lyngbrune haugar og blenkte i tarefluene og dei svarte skjera.
Men i vest og sør var det som ein vonlaus halvkrins, der auga ikkje fann kvilestad: der var ikkje anna enn himmel og hav, himmel og hav.
Fjorden austover mot innlandet var still og mørk, - mørkret gjekk med ein blåbrun tone der,- og brei var han, så ein timte fjellgaren som ei taggut rand langt inn i austhimmelen der natta kom frå "
Ei døyvd og einstonig mulling steig og fall i kvelden. Tungalda gjekk og sukka over alle grunnane, song kringom alle strendene."
Thesen skriv i si bok at mangt i Hilderøya godt kan kallas dikt, altså lesas som lyrikk, og dette er vel av det som kan opplevas slik.
Som til dømes dette sitatet:
"Det brann ikkje lenger i vest. Det var grå haustkveld rundt omkring. Øyar og skjer kraup inn i mørkret; det vart berre kveld og sjø. Ein kråkeflokk skreik opp nokon stad ute på skjera, bar seg med forskræmde røyster og kom susande med håse vengeslag over øya. Og stilla let seg att etter dei som ein svart duk."
Den som måtte protestere mot uttrykket "håse vengeslag" er logikar, ikkje Iyrikar!
Dette hadde sikkert Duun opplevd der ute mot havet. Det var slik at det inne på dei større øyane, der var det rev og anna farlig, og det var ikkje eit tre ein kunne sitte trygt i. Da var sikraste berginga for kråkene å komma seg ut til holmane lenger ute. Der var ikkje rev i alle fall.
Kor ligg Hilderøya? var spørsmålet. Det kan vi slett ikkje svara på, anna enn det som til no er sagt - eigentlig. Men det er vel lov til å gisse - samtidig som ein dreg seg til minnes det svaret Rolv Thesen fekk hos Aksel Devik, da han spurde kor hen Svarthammaren låg. Da svara Aksel, som den ekte juvikingen han var: " Å, ha'n bruk fer ein hammar, så va'n vel kar om å gjera'n sjøl, han!"
Der Hilderøya etter segna låg, der er det berre havet. Har så Duun tenkt seg - og skapt - Hilderøya der ute på grunnlag av det landskapet han kjente?
Da stemmer det i alle fall med det Tomsingen seier: "Va det lekt seg! Eg ha vøri utover der, eg, ban, eg ha vøri så langt at bloe stortna ti meg. Finnes ikkje noko England der. Berre sjy'n, ban!"
Å skape noko av ingenting kunne vel ikkje eingong Duun gjera, han har her, som i Menneske og maktene, teki av sitt eige. Så Hilderøya er nok Gjæslingan, berre flytta litt lenger ut, mykje lenger ut, kanskje. Vi kan trygt seie at både Hilderøya og Øyvære har hatt Gjæslingan som modell. Om han har dikta attåt eit "Ion" som ikkje finnes i Gjæslingan - og ikkje på Horta heller, for den del.
Det har vori hevda at han kanskje tenkte på Hortavær, vest for Leka, da han skapte Hilderøya. Men det er vel ikkje "bevis" nok at folket seier "ikkji", slik dei gjorde på "Horta"? Men tanken er spennande nok. Og det er spennande nok å tenke som så at Duun bevisst har brukt dialekten lenger nord for å gi oss ein eller annan tanke i ei anna retning. Derfor skal vi ikkje avvise at Duun har brukt Hortavær og dialekten der for "å lure" oss til å tenke slik!
Og fjellgarden er også meir "taggut" sett frå Hortavær enn andrestader, det kan vi også vedgå.
Johannes Duun hadde rorbua si på Flatholmen, og det var der sonen Ole også heldt til dei mange vintrane han rodde fiske.
Den vinteren Duun ikkje rodde fiske i Gjæslingan, viser det seg at han var leigekar hos BENONI SØRØYA. Det gir oss grunn til å tru at han kjente Hilderøybotnet og havet utmed Nordøyan også, for Benoni dreiv fiske vestover i den retninga somtid.
Her skal vi gi att ein del opplysningar etter Inge Strand i Austafjord. Far hans, Torolv Strand, som budde i Gåsværet, var der ute og fiska sei om somrane, og han møtte Benoni. Torolv hadde lesi bøkene til Duun, og han visste også at han hadde vori leigekar hos Benoni.
- Det må da vera ei stor ære å ha hatt ein berømt forfattar til leigekar? meinte han Torolv.
Men Benoni var tydeligvis ikkje særlig imponert over den berømmeIsa, for han svara: - Ja, når'n itj får tak i anna folk; så får'n ta det'n får!
Benoni var jamt ein harddrivar, og det er fortalt ei herme etter han ein gong han var så sjuk at han ikkje kunne dra ut, og guten hans Benoni var det ikkje det taket i som han gjerne kunne ha ønskt. Da sa han: - Eg e klein, du e lat, o'n Jens, han feska.(Jens var naboen).
Ein annan variant av same herma er slik: - Kelles mein du det herri ska gåo, ban? Eg e klein og du e lat - og hainn Jens, hainn feska.
Sjølve "poenget" er vel stort sett det same. Men det er eit interessant ord her, som var typisk Benoni, og det er ordet "ban ". Det lar han Tomsingen bruke når han snakkar om uendeligheita der ute. "Berre sjy'n, ban!" seier ban.
Det går ei segn som Inge Strand har etter bestefar sin, han Henrik Gåsværet, og den viser dei hadde den forestillinga at Hilderøya var sokken i havet. Og det er nok litt av dette Thesen hadde høyrt. Det var da snakk om "HilderøykaIlen", som altså skulle halde til der ute.
- Ein søndag kom Hilderøykallen til kjerka på Garstad da menigheita satt i benkane og presten stod på stolen. Der mellom benkeradene vart han ståande, og så sa han: - Høyr meg du som sett her - og du som sett der - og du som i stampen står: Sei meg, vil de at eg ska ta opp Hilderøya?
Det var ingen som svara, og dermed sa kaIlen: - Jaja, så får ho legg der ho legg! Og det gjer ho, ein kan sjå grunna nedi sjøen når det er klårsjøtt - og i styggever bryt ho og.
Her kan vi kanskje også føye til ei anna segn frå same området.
Det er Sigurd Krekling som fortel denne i boka si- "Fiskarsoga" - og her er også namngitt den som "opplevde" det:
"Møte med havfrua gjorde Hans Røldal og dei to kameratane hans ute på Hilderøyhausen på Sørøyhavet. Dei hadde sett line og låg og sov i framrommet med råseglet over seg medan dei venta at fisken gjekk på.
Da Hans skulle sjå opp, fekk han sjå ein skapning ei halv mils veg ut i havet. Han vekte dei andre, men da såg dei ingen ting. Straks etter kom den opp tredje gongen og var da berre omlag 50 meter frå båten. Skapningen hadde mørkebrun hudfarge, store bryst og nase som eit menneske. Svart, langt hår hadde den og, og sto oppreist i sjøen. Så snudde den seg rundt nokre gonger, kasta seg rett framover og sette sporden i veret.
No fekk dei visse for at den var som eit menneske ovantil og som ein fisk nedantil. Det var altså havfrua som hadde synt seg
Hans visste kva det tydde når ho synte seg. Ho spådde uver. "Kapp lina, gutar!" ropa Hans.
Himmelen var klår og roleg enno, men likevel vart det den verste sigling dei hadde vori med på. Stormen kom i fullt mon. Hans sto fastbunden til roret så ikkje sjøane skulle velte han ut. På slutten sigla dei for snau mast opp til Sørøya.
Både Hans og dei andre var klåre over at hadde ikkje havfrua varsla dei, ville dei vortne att ute på Folda."
Duun hadde altså vori i Sørøya, og if. Inge Strand var far hans temmelig sikker på at det måtte vera Benoni som var modell for Etvard Jørgen. Vi skal sjølvsagt ikkje ta det for meir enn det er, men ventelig slå fast at Benoni knapt var så vrient ihop-sett som Edvart Jørgen kan sjå ut til å vera. Men Toralf Strand kjente Benoni, så han såg vel noko som likna.



GJÆSLINGAN

veit vi kva er. Mens Hilderøya er tenkt, har Duun meir konkret å bygge på når han tar oss med "om bord i Øyvære", som han seier.
Også her er det dei som hevdar at Duun brukte Sandsundvær på Helgelandskysten som utgangspunkt, og vi skal ikkje nekte for at det var der den store ulykka hendte, som Duun visste om. Vi skal heller ikkje nekte for at Gjæslingan er så stor at der kunne knapt den ulykka Duun skriv om, ha gått for seg
Men Duun hadde aldri vori i Sandsundvær, og ulykka der skjedde visst i 1901, like før Duun begynte på lærarskolen på Levanger. Det er knapt tvil om at det landskapet han brukte som underlag må ligge i Gjæslingan, eit område han kjente ut og inn, og som det var naturlig for han å .bygge "Øyvære" på.

Alt mens han gjekk på lærarskolen på Levanger, skreiv han om ei slik ulykke, og denne kan kanskje vera den som hendte i Sandsundvær i januar 1901, utan at vi skal ta dette for gitt. Duun var vel diktar alt da!
Det han skreiv, lyder som så:
"Eg hugsar frå eg var liten, det var storflod ein gong. Sjøen hadde fenge den nykken, han skulde uppetter landet nokre famnar. Det var sjølvsagt eitkvart, han hadde hug på. Han var rusken å sjå til; tungaIda tok grunnbrot på 15 famns vatn og sleikte upp etter strendene, so det var eit bisn. Det var ikkje barneverk, han då gjorde. Bryggjor og naust flaut bort, med folk stod og såg på; og jamvel fiskarbuder tok han.
I eit fiskevær gjorde han reint for både folk og fe. Karane hadde samla seg i ein krins upp på den høgaste holmen og stod og såg på det ovsterke, rasande trollet, som sleikte upp yver holmarne og liksom skreik etter lik. Rådlause stod dei der og berre venta på dauden.
Landet ikring dei vart mindre og mindre. Frå eit anna vær kunde dei sjå dei; dei vart pitla burt ein um send."
At Duun her seier at han hugsar dette "frå han var liten", er nok helst det vi vil kalle diktarisk fridom!
Duun hadde altså motivet i seg alt den gongen. Men han kom ikkje til å utnytte det for fullt før han gjorde siste storverket - om menneska og maktene.
At han brukte liknande tema i andre samanhengar, er sjølvsagt, om enn i andre miljø. Det er ein del som har sagt at Duun gjentar seg sjølv, men det er berre å sjå til, det. Det er i ane fall "tema med variasjonar"!
"Men litt etter kvart merkar ein at ein enno har undringa. Du er ikkje reint snau så lenge du har den." Så heiter det i "Samtid". Agnar misser livet da han skal berge eit lite barn: "Da skjedde det, jorda hivde han."
Det er peika på at symbolikken kjem tydelig fram i både "Samtid" og i "Menneske og maktene", meir der enn i dei tidligare bøkene. Det temaet skal vi ikkje ta opp her, berre nemne at Duun såg at den andre verdskrigen nærma seg. Vi skal sjølvsagt vera forsiktige med ordet symbolikk, men det er i alle fall slik at vi tenker i dei baner når vi les både "Samtid" og "Menneske og maktene".
Gjæslingan veit vi kva er, som sagt.
I eit skrift der vi skal ta for oss Duun og Gjæslingan, kan vi sjølvsagt prøve å finne fram det vi veit om tida like rundt århundreskiftet, da Duun rodde fiske der ute. Det kan vel diskuteras kor mykje Duun har "brukt" Gjæslingan. Det vil vi nok aldri bli heilt einige om.
Men det kan også vera rett å ta med mangt av det vi veit om Gjæslingan elles.



HISTORIE.

Kor langt tilbake vi skal gå, er vanskelig å seie noko om. Derfor begynner vi med det første vi veit, og det er reint arkeologisk. Det er nemlig gjort oldfunn der ute. Ikkje så mykje, rett nok det, men det er i alle fall funni tre steinøksar der .
For ein amatør både i geologi og historie, kunne det tyde på at der budde folk alt
i steinalderen. Meir nøkternt kan ein seie at desse øksene er "far etter menneske", utan at dei nødvendigvis har budd der.
Professor Jørn Sandnes, forfattaren av Namdalens historie fram til 1600, skriv at "det er funnet et par tjukknakkete flintøkser og ei skaftholøks i Sør-Gjæslingan, trulig fra en noe seinere tid, så vj trenger ikke tvile på at det er fiske og sjøfangst som har dradd folk utover dit." Seinare nemner han at dei eldste buplassane alltid finnes ved sjøen, og at øksene frå Gjæslingan "må være brakt dit av folk som kom ut på fiske og fangst."
Skriftlige vitnemål om Gjæslingan har vi frå 1625. Nærøypresten Mogens Mogensen skreiv eit sørgjekvad om ei tragisk hending på "Folden" den gongen. Han kalla diktet "Trenologia Numedalensis", og det handlar om den verste ulykka som har hendt på kysten her i gammal tid.. Det fortel at den 23. februar i året 1625 drukna det 210 menneske i storm og uver på Folda.
Mogensen brukar ikkje namnet Gjæslingan, men tradisjonen veit å fortelje at det var der mestedelen av fiskarane heldt til, og at det var rundt 700 båtar der da uveret braut laus. Det ein veit, er at det trulig var der dei aller fleste heldt til, sjølv om det sikkert rodde fiskarar frå dei andre væra også - frå Nordøyan, NordGjæslingan, Sørøya - og kanskje Flesa og Steinan. Tradisjon skal ein ikkje kimse av, det har vi erfart mang ein gong.
I "Namdalens beskrivelse", som også Sandnes siterer frå, heiter det at i 1597 gjekk det meste av fisket for seg i Nordøyan. Men ban reknar med at når Gjæslingan, Sørøyan og Haraldsøya ikkje er nemnde, så er årsaka til det at desse høyrde under Fosnes, så dei fann ventelig ikkje Nærøypresten grunn til å nemne. Det var nemlig han som skreiv dette skriftet.(Han fekk nemlig ikkje tiende av fisket der!)
Den ulykka som skjedde i 1625 var ikkje den einaste. Petter Dass skriv i eit dikt om ei ulykke i 1660 eller rundt den tid. Dette hadde han sikkert snappa opp da han voks opp hos onkelen og tanta si på Nærøya. Mor hans var søster av prestefrua, og Petter kom dit som sjuåring da far hans døydde. Der budde han til han var omlag 13 år, er det sagt. Da drog han til Bergen på skole. På dei 6-7 åra han budde på Nærøya var det nok mangt han "snappa opp"!
Ei ulykke som hendte seinare, etter Duun si tid i Gjæslingan, skjedde 2. mars 1906. Den er tatt med i heftet frå Otterøy historielag, "Tidsbilder nr. V", og den har også fått sitt minnesmerke i Gjæslingan, ein minnestein med namn på alle dei fiskarane som let livet i denne ulykka.
Det er berre å vise til dette heftet, som sikkert kan skaffas. Men vi "låner" ei historie - om Ole Myrbærholmen, som gjekk ned på havet den gongen:
"Vest i Gjæslingråsa kom en åttring seilende. Det var Ole Myrbærholm som var høvedsmann. En kameratbåt krysset tett forbi. Ole hadde alt fra guttedagene rodd fiske her ute. Han var en god sjømann, men hadde han i dag likevel for stor seilføring? Stormkastene reiv og sleit i seilene. Snødrevet svei som piskeslag i ansiktet til mannen. Farten ble større og større. Kameratbåten så det skjebnessvangre som nå skjedde.
Åttringen ble løftet høyere og høyere på en bølge. Kjølen ballanserte på bølgeryggen. Så vippet båten over, og med masta først stupte den ned i den frådende bølgedalen. Kameratbåten like ved hadde nok med seg selv, og kunne ikke hjelpe dem. Alle var opptatt med å berge eget mannskap. Likevel var det en som snudde seg og så tragedien. Årer, tiljer og annet utstyr fløt opp. Ropene om hjelp ble overdøvet av susen fra vinden og bruset fra bølgene. Noen kom seg opp på hvelvet, hengte seg fast til en tilje eller ei åre, men forgjeves. En gul sydvest og en løftet hånd dukket opp j bølgene, men forsvant for godt. Et tomt båthvelv vitnet om et tapt slag for noen av havets sønner. "
(Det er ikkje nemnt kven som har skrivi dette, så det kan vi ikkje gi noka opplysning om.)
For å gå tilbake til den ukjente presten frå 1597, så fortel han i "Namdalens beskrivelse" at det var tre fiskesesongar i væra. Det var vårfisket frå februar til april. Så var det "plogfisket", som vara frå sommarmål til pinse - altså fram til den tida det høvde å pløye og gjera våronn. Og endelig var det sommarfisket frå slutten av juni og utover .



NÅR VART SÅ GJÆSLINGAN BUSETT?

Skal vi tolke det Sandnes skriv, så meiner han at dei øksefunna som er gjorde i Gjæslingan, kan bety at det var folk som var der ute på fiske og fangst, som etterlet seg dei her øksene, og vi har ikkje grunnlag for å seie noko anna.
Men Sandnes har funni at det i 1610 var to "værmenn" i Gjæslingan - og fem i Sørøyan, åtte i Frelsøya, tre i Nordøyan og åtte i Oksbåsen. (Det siste er i Flatanger).
Det var altså minst 26 fiskarar som budde fast i fiskeværa på namdalskysten den gongen.
Vi kan her ta med det vi finn i "Nummedals Jordebog" av 1661, der vi finn desse namna på "Strandsiddere eller Werremend":
Olleff i Sørøen. Niels Giesslingen, Lissmand ibm, Clemet Nordgiesslingen, Mortenn Sørøen, Olleff Giesslingen og Pouel Haraldzøe.
Det var dei som høyrde Fosnes til, men vi finn også værmenn og strandsittarar i Vikna: i Edøya, Kjønnsøya, Hildholmen, Nordøya, Skjærværet, Hellesøya, Frelsøya og Sandøya - og går vi til Leka finn vi to strandsittarar i Horta og ein i SkIinna.
I 1770-åra skriv Gerhard Schøning at det budde fire fiskarar i Sør-Gjæslingan - "hvor en Mængde Fiskebaade, saavel fra Nordlandene, som fra Nomedalen indfinde sig, hvor ofte tilforn have samlet sig over 400 Baade eller derover, og hvor endnu roe 150. Her er en god Havn, og her komme tilforn Hollenderne, med deres Skibe for at indkiøbe Fisk.
Her stod da et Capell eller Korshuus, hvis Chor var bekostet, af Vefsens (Almue). Resten af den øvrige Helgelands og af Nomedalens Almue. "
Schøning fortel og at prestane i Fosnes heldt gudstenester der to-tre gonger for året, og at det vart "git en Spærre Fisk afhver Baad" til både presten og kapellet.
Det er namn i Gjæslingan den dag i dag som fortel om både kapellet og hollenderane. Vi har namn som Hollenderholmen, Hollendersundet og Kjerkøya.
Sandnes skriv i Namdalshistoria at det var rikt fiske, og når det i "Namdalens Beskrivelse" står at folk er fattige "fordi de bor langt bort fra sjøen", så er også dette som eit vitnemål om at rikdommen fans på kysten.
Jens Kraft skriv i 1835 om fiskeværa på Namdalskysten frå Solstad til Halmø, altså frå Bindalen til Flatanger, for å bruke meir kjente namn frå i dag. Det er "Melsteen" under Solstad, "Horten og Sklinden" under Kolvereid, "Frelsøen, Henrikøen, Nordøen. Kjelsøen og Skjærvær" under Nærøy (dvs, Vikna), og så reknar han opp Sør-Gjæslingan, Haraldsøya og Sørøya under Fosnes. Dessutan nemner han Prestøya i Nærøy og Moflesa i Fosnes "Iigesom nogle Øer i Halmø Sogn. "
Vi kan vel her nemne nokre av dei: Oksbåsen, Bjørøya, Villa, Gladsøyværet, og vi kan vel også ta med Småværet, som nok er av nyare dato.



KOR KOM FISKARANE FRÅ ?

Det spørsmålet kan vi vel svara så nokon lunde greitt på. Alt hos Schøning ser vi at kjerka var gitt av almuen i Vefsn, på Helgeland og i Namdalen. Men dei kom nok også frå enda større område - periodevis i alle fall. Fiskarane søkte dit det var godt fiske, og det kunne skifte. Somtid kom fisken inn til Gjæslingan, andre gonger kom han kanskje lenger nord, eller lenger ut.
Den dag i dag står "Staværingsbua" i Gjæslingan som minne om at folk frå Stadsbygda inni Trondheimsfjorden hadde rorbu der, og at dei dreiv fiske der – sjølv om vi no helst tenker på Lofoten - på grunn av Bojers roman, "Den siste viking". Lokalhistorikaren Anders Bjørgan har skrivi eit hefte til jubileumsutstillinga 1930 der han fortel om først og fremst lofotfararane frå Fosen, og han seier at det var 32 eller 33 båtar berre frå Stadsbygda, og frå Rissa var det 16 båtar. Av dei omlag 30.000 som fiska i Lofoten i 1891, var det 1014 frå Stadsbygd, Ørland og Bjugn prestegjeld. Og sjølv om ikkje Bjørgan nemner Gjæslingan, må vi kanskje likevel tru at ein god del også drog til Halten eller Gjæslingan.
Dei var nokre storseglarar, dei her fosningane, og Bjørgan fortel ein del om det også.
(Bjørgan sitt hefte, vart seinare trykt oppatt - såvidt nedskrivaren her kjenner til, så var det Museumslaget Staværingen som sørga for det. Om det er å få i dag, kan det kanskje skaffas der. )
At bergknausen Nakken også vart kalla Velfjordnakken, er kanskje bevis på at fiskarar frå Velfjorden nord og inn for Brønnøysund heldt til der.
I dei papira Johannes Furre frå Leka fann fram til da han dreiv og forska på forliset til det franske kaperskipet utfor Gutviklandet i 1798, blir det forklara at når kaper-folka ikkje kunne få skyss sjøvegen frå Leka og Gutvik og Gravvik, men var nøydde til å gå landevegen til Trondheim over Bindalen, Kongsmoen, ned Namdalen, over Namdalseidet til Trondheimsfjorden, så kom det av at dei aller fleste med båtar alt da hadde fari til Gjæslingan. Forliset skjedde 19. februar 1798.
Vi kan sikkert ikkje rekne med at forholda var stort annleis i dei andre bygdene rundt omkring. Dei drog nok til Gjæslingan og dei andre fiskeværa.
Sjølv om det fans andre fiskevær, var det trulig at tyngda av fiskeflåten hamna i Gjæslingan. I midten av februar var som oftast tida inne for skreifisket, og da bar det av stad. Da kom dei frå heile namdalskysten, frå Helgeland og Fosen i alle fall. Kanskje kom dei frå Frøya og fastlandet innafor også - og at det da var liv og røre der ute, er det nok ingen tvil om.
Sør- og Nord-Gjæslingan, Sørøya og Haraldsøya høyrde, som før nemnt, til Fosnes frå gammalt av, og dette vara alt til i 1888.
Men det hadde lenge vori arbeidd for at området skulle leggas til Nærøy prestegjeld, og at dei skulle få Garstad, som var anneks til Nærøy, som kjerkeplass.
Alt i året 1815 skreiv oppsittarane brev til presten i Fosnes, herr Bendix Heide, der dei bad om å få bli overført til Nærøens Anex, som altså var Garstad på Vikna.
Men Heide var ikkje særlig lysten på å gi slepp på noko som han hadde hevd på, trass i at vegen var lang frå øyane der ute og inn til Fosnes.
Rett nok har øybuarane lang veg, skreiv han, men dei brukar han "meget sjælden " ! Elles meiner han at dersom dei synes det er langt, kan dei heIler søke til Halmøy i Flatanger. Det er noko kortare, trur han.
Og han er ærlig nok til å seie at - "de haver ikke større Byrder end andre som boer langt fra Kirken, og Tabet af den faldende Tiende vilde blive et stort Skaar
i Fosnes! Prests Indkomme. Jeg forventer at denne lndkomst som haver tillagt Embedet længe før min Tid ikke bliver mig frataget."
Og den vart det heller ikkje i hans tid som prest. Han oppebar fortenesta så lenge han levde.
(Her kan det kanskje vera verdt å minne om at presten Christopher von Aphelen først var prest i Overhalla, men han flytta til Fosnes fordi det der var meir tiende å få - ikkje minst av skreifisket på namdalskysten! Det var nok vel og bra med all laksen i Namsen om sommaren, men skreien var meir verdifull!)



BUFASTE.

Første gongen vi finn bufaste folk namngitt i Gjæslingane, er i koppskattelista frå 1645. Da er det tre mann der:
Det er Nils med Quinde, Thor med Quinde, og så er det ein Kristen - som nok ikkje hadde noka "Quinde", altså ugift må vi tru.
Om Nils og Thor og deira kvinner hadde barn, står det ingenting om. Men det hadde ikkje interesse heller, for det var skatten som vart utlikna pr. hovud = kopp! (Kopp kjem frå tysk Kopf og betyr hovud. Og det gjaldt nok ikkje ungar, berre vaksne! Ungar hadde ikkje skattbare hovud i alle fall!)
Eit par ti-år seinare er det nemnt tre mann og seks barn, men ingen kvinner. Men dei var der nok likevel!
Folketeljinga i 1801 viser at det budde fem familiar i Sør-Gjæslingan. Her skal vi ikkje rekne opp dei, berre seie at det i alt var 19 menneske som budde der .
Ein familie kan vi nemne likevel, fordi Bjarne Borgan, som har skrivi Vikna-boka, seier at ein av familiane hadde han ingen kjennskap til ut over namna.
Det gjeld Anders Hermansen, som var frå Sandvika på Jøa. Kona hans heitte Valborg Johansdtr., og barna var Herman og Johan Anderssen. Dessutan hadde dei ei fosterdotter som heitte Valborg Pedersdtr .
Anders Hermansen m. familie budde på Heimværet.
Vi kan komplettere med at familien flytta til Gjæslingan ein gong på 1700-talet, og at dei også var i Nærøy ei tid. På sine gamle dagar hamna dei på Jøa igjen. Sønene vart begge gifte i Leirvika på Jøa.
Går vi lenger fram i tid, ser vi at det budde mange fleire i Gjæslingan, og at det til og med vart oppretta skole der. Skolehuset eksisterer den dag i dag, men det var skole der før den tid også. Det var omgangsskole, og det var lærarar frå Fosnes som var der år om anna. Blant andre var Brede Gunerius Aglen der som lærar- han som i vår samanheng må nemnas fordi han var lærar for Olav Duun også. Det er herma etter han: "Jaja, så får du sei det, du da, Ole!" Det skjedde når dei andre ungane ikkje visste svar. Elles hadde han ei stillteiande avtale med Ole om at han skulle vente med å svare til dei andre hadde prøvd seg!



KVEN ÅTTE GJÆSLIGAN?

Frå først av var heile området "Kongens Allmenning". Der var "Sæl-Veide" somme stader. Om det gjaldt Gjæslingan, skal vera usagt. Men trulig var det det, slik vi veit at Nordøyan var det. Og vi veit at ein mann vart klaga for å ha forstyrra sælen i fredningstida. Det kjem fram i rettssaker i samband med den kampen Nils Olsson Stein frå Jøa førde mot fut og lensherre.
Vi tar oss lov til å sitere O.S. Aavatsmarks skrift "Om bønder og borgere på 1500-tallet":
"En mann i Ytre Namdal ved navn Nils Mikkelsen hadde klaget over at Hartvig Madsen (futen) uten lov og dom hadde avkrevet ham 13 våg fisk.
Nils hadde rodd ut på fiske, men så blev det slikt uvær at han ikke kunne komme tilbake før den tid da det var forbudt å forstyrre kobben eller sælen. Et sådant kobbe- eller sæl-veide var en herlighet som skaffet eierne god inntekt. Eierne hadde enerett til å drepe ungene, hvis kjøtt var ansett for å være meget velsmakende -.
Peder Claussøn (Friis) skriver at deres spekk var aktet "Iige med smør her i landet i fordums dage." Et sælveide hørte derfor til de herligheter som også Kongen satte pris på å eie.
I den gamle Namdalsbeskrivelsen fra 1597 antydes det at Nordøen er det største fiskevær der ute. Men det var en tid man ikke kunne ro der for Kongens kobbeveides skyld.
Hartvig Madsen møtte i retten og forklarte at der i Namdalen var et slikt sælveide, hvor sælen, eller kobbene, som man her kalte dem, en gang om året la sine unger. Her kunne man til Kongens behov slå ett eller to hundrede hvert år. En tid på året, mellem Vor Frues dag og St. Anders' dag, når kobbene legger unger, var det strengt forbudt å ro forbi for ikke å skremme dyrene. Da var det dette forbud Nils Mikkelsen hadde overtrådt. Mens man før kunne slå et til to hundrede dyr, var det nu kun lite man kunne få.
Da han ville reise tiltale mot Nils for å få dom på ham, bad denne så vakkert om å slippe. De blev derfor enige om at Nils skulle betale 13 våg fisk, og disse hadde han ført til inntekt for Kongen.
Da Hartvig Madsen ikke hadde skaffet seg dom i saken, som det var foreskrevet i retterbøtene, og da det godt kunne forholde seg således at uvær hindret Nils i å komme tilbake i rette tid, uten at der var motvilje fra hans side, så blev Hartvig Madsen tilpliktet å levere ham tilbake 13 våg fisk. "
(1 våg = 18 kg.)

1 året 1728 vart mykje krongods seid, blant anna også Gjæslingan - som vart kjøpt av Hans Hagerup, ein rik kjøpmann, og seinare borgarmeister i Trondheim. Han hadde eigedommen i nære på 30 år .
Hagerup sel så - i 1747- til Jon Andersen Finvedgaard i Kastenøya på Vikna.
Jon døydde året etter, og enka, Ellen f. Borchmann, sat så med eigedommen til 1765. Ho var da oppattgift med Dominicus Nagel Lemvig, som hadde eigedommen til 1797. Da sel han til brorsonen, Peder Lemvig, som fekk konsesjon på handel og gjestgivargard der ute.
Peder Lemvig døydde året etter, og det vart broren, Christian Bugge Lemvig som overtok.
Etter det tre blad Lemvig vart det i 1800 William Schilliaas på Seierstad som overtok Gjæslingan. Han dreiv handel og jektefart med sete på Seierstad, og han kjøpte og selde eigedommar jamt - og tente på det!
Han hadde frå før Hortavær i Leka. Sjølv om han budde på Jøa, var han ofte ute og segla - men han hadde også faste skipperar .
I denne omgangen hadde Schilliaas Gjæslingan i eitt år. Da sel han i 1801 til Arnt Solem frå Trondheimskanten. Dvs at rettelig var det nok Hans Nilsen Hauge som stod bak denne handelen, men i namnet i alle fall, var det Solem som kjøpte og dreiv været. Hauge var i Gjæslingan eit par gonger, men han hadde mange jarn i elden, både praktiske og åndelige. At Hauge tenkte på "det åndelige", fortel biskop Bang om i ei bok om Hauge, at Hauge hadde funni ut at det var eit vilt liv i Gjæslingan. Og at han fekk plassert Arnt Solem der. "Men det var i sannhet et gavnlig foretagende således å anbringe kristeligsinnede menn på slike steder," skriv Bang.
Schilliaas kjøpte tilbake Gjæslingan i 1812, og det er å merke seg at han betalte mindre no enn da han seIde - så han tente på den handelen og!
Da Schilliaas døydde i 1827, vart det etterfølgaren hans på Seierstad, Christian Fredrik Nergaard, som overtok i lag med Peter Røberg. Den siste trekte seg ut etter kort tid, og da Nergaard døydde, vart det enka etter han som satt med eigedommen til 1852. Da seIde ho og barna til G. P. Meisterlin i Trondheim - som så igjen seIde til Anton Brandtzæg i 1869. Frå da av var øyene i denne familien i vel så hundre år.
Da vart Gjæslingan overtatt av Petter Kjølleberg - som nok hadde store planer, men som mislykkas.
Endskapen vart at Vikna kommune overtok det heile, og Kystmuseet Woxengs Samlinger har seinare tatt vare på ein god del av bygningsmassen og vølt og stelt slik at alt er som vi kan sjå det no i dag.
Det er også ein del private eigarar. Dei har også stelt husa sine - enten som ein "dyd av nødvendigheit" eller fordi Woxeng har vist vegen.



KAPERFART .

Vinteren 1808-09 hendte det noko i Gjæslingan som bør nemnas.
Vi har alt - sånn en passant - nemnt kaperforliset ved Gutvik i 1798. Det skipet var fransk, og opererte nok mot engelskmennene. Engelskmennene på si side dreiv også liknande fart - og da Danmark-Norge hamna i krigen på fransk side, fekk også vi merke det. Og det skjedde mangt som blir hugsa.
Dei aller fleste kjenner Ibsen-diktet om Terje Vigen, der det blir sagt at "engelske kryssere stengte hver havn, i landet var sult og nød".
Terje vart if. Ibsen fakka etter ein rotur frå Sørlandet til Danmark for å skaffe matkorn til seg og sin familie. Han rodde til Fladstrand og henta korn. På tilbaketuren kom han inn til norskekysten, men vart tatt til fange og førd til England.
"Han sad i prisonen i lange år, det siges i fulde fem", skriv Ibsen
Dette skjedde i Hesnessund på sørlandskysten. No har forskarar leita med lys og lykt for å finne denne Terje Vigen, men dei har ikkje lykkas. Har så Ibsen dikta opp heile historia?
Svaret må bli, at det kan han ha gjort, men det er slett ikkje sikkert. Vi har ei historie som kan tyde på at Ibsen har høyrd eitt eller anna den tida han var i Grimstad som apotekarlærling, og ut frå dette har han så dikta vidare.
Historia vår er følgjande:
William Schilliaas, som dreiv med jektefart, slik det alt er nemnt, hadde ei jekt som vart oppbrakt av engelske krigsbåtar, og det skjedde ved Hesnessund!
Jekta slapp fri fordi dei ikkje hadde kontrabande, altså ulovlige varer ombord. Men losen hans Schilliaas vart tatt med til England!
Utan at vi tør påstå at det er nokon samanheng mellom denne historia og diktet om Terje Vigen, kan vi seie at om det er det, så var Terje Vigen ikkje sørlending, men nordlending, for det var nemlig losen hans Schilliaas!
Ei anna kaperhistorie fortelom ein lokal "Terje Vigen". Han heitte Lornts Katmarken og budde i Kattmarka like utafor Namsos. Han vart tatt til fange av engelske kaprarar nedpå Vestlandet på ein tur frå Bergen. Han hamna også i "prisonen" i England. Heile historia om han er tatt med i " Årbok for Namdalen", og vi tar ikkje den med her.
Det vart også skrivi eit heidersdikt til Lornts. Det står også i Årboka. Det kan nok ikkje måle seg med Ibsens om Terje, men til gjengjeld fekk Lornts oppleva sjølv at han vart hylla med dikt! (Det er den før nemnte O.S.Aavatsmark som hadde funni fram denne historia - som altså er gjengitt i Årboka!)
Det er også ei kaperhistorie frå Gjæslingan, men den hadde motsett forteikn!
Ein kaperkaptein som beitte Hans Lien, greidde å kapre eit engelsk handelsfarty som bar det stolte namnet " ALBION" - og førte det inn til Gjæslingan ein gong før jul i 1808.
Albion er eit gammalt keltisk namn for England, helst brukt i poesi og hylling av dette storslegne landet. Men det hjelpte ikkje det grand. Lien førde skipet i hamn i Gjæslingan, og både han og kaper-reiaren gjorde gode pengar på dette. At det var "sjørøveri" kan ein knapt nekte for, men i krig og kjærleik er alt lovlig, og dette var utan tvil krig.
Arnt Solem, som da styrte i Gjæslingan, kjøpte skipet på vegne av handelsfirmaet Munch i Trondheim - og det var betalt med 5200 riksdaler.
Det skal ikkje stor fantasi til for å skjønna at dette vart sett på som litt av ein bragd. Å ta eitt av fienden sine skip, som i tillegg heitte " Albion ", det måtte vera store greier.
Båten var heller ikkje liten, ikkje berre rekna etter namnet. Han var på heile 151 kommerse-lester, og ein slik "lest" var rekna for 2,08 registertonn. Vi kan altså seie at båten var på vel så 300 tonn.
(Borgan forklarer det på dette viset: "1læst = 12 tønner korn = 18 tønner kull.")



KOR MANGE FISKARAR?

Det bar sjølvsagt ymsa opp gjennom tidene alt etter kor rikt fiske det var.
Fiskarane drog dit det var mest fisk å få - av naturlige grunnar.
If. Gerhard Schøning kunne det vera opp til 400 båtar som rodde fiske, og i året 1775, da han skriv dette, er det 150. Men det er sagt at det på det aller meste kunne vera opp mot 1200 båtar og 5000 mann der.
Vi har kanskje vanskelig for å tru at så mange menneske kunne få plass der. I alle fall var det ikkje rorbuer nok til så mange, og ein må legge til at det eksisterte "Iosjibåtar". Dei jektene som kjøpte fisk, kunne også brukas til overnatting - så lenge dei ikkje var fullasta. Dette kan vera ein del av forklaringa. Dessutan var det vanlig at dei som hadde fembøringar med løfting, drog løftingen av og monterte han på ]and. Det var ikkje nokon luksusbustad, men dei hadde tak over seg.
l Otterøy historielags hefte om Gjæslingan er det tatt med eit avsnitt om dette, og har også ei liste over losjibåtar med tilknytning til Otterøya, med 4-5 mann i kvar båt, og der er konklusjonen denne: "Det er nærliggende å anta at disse (namngitte menn) eide sine egne losjibåter eller lå i fiskebåten (løftingen)."
Dei nemner også forskrifter frå rundt århundreskiftet som fastsette reglar for korleis ein losjibåt skulle vera.
Dersom vi tek utgangspunkt i 1200 båtar og 5000 mann, blir det sånn i gjennomsnitt 4-5 mann på båten. Ettersom vi veit at det var ein god del som dreiv med heller små båtar, så må det også ha vori ein del større.
Sigurd Krekling, som har skrivi "Fiskarsoga for Nord-Trøndelag", har opplysningar og tabellar frå dei siste hundre åra fram til 1950, viser at det var over 1000 båtar i Viknaværa i mange år. Det største talet var i 1901, da det var 1330 båtar i Sør-Gjæslingan, 207 i Nordøyan, og for alle væra der ute var det 2065 båtar. Største "båtbelegget" seinare var i 1932, da det var registrert 1077 båtar.



KVA SLAGS BÅTAR?

Frå gammalt var det nordlandsbåten som var mest utbreidd, ja, det er sagt at "bindalingen" var nesten einerådande. Men også åfjordingen, den så kalla geitbåten, var ein del brukt.
Det går det ordet at dess lenger nord ein kom, dess fleire fiskarar var det som "mekra"! Det var ein staværing som fortalde dette ein gong. Dei rodde utan å merke noko, før dei kom nord i Namdalen. Da var det nok ein og annan med nordlandsbåt som skulle terge staværingane. Dermed mekra dei som ei geit!
Og verre vart det etter kvart som ein kom nordover på Helgeland, fortalde han. "Men vi hadde svar," sa mannen, "vi brækte som ein gra-ver!"
Båtane var færingar, seksringar, åttringar og fembøringar - særlig dei som skulle segle langt, og da gjerne lofotfararane, brukte fembøring. (Jfr. Johan Bojer: "Den siste viking").
Framdrifta var "råsegl", som var framifrå når ein hadde god bør. A krysse opp mot vinden var ikkje råseglet så bra til, sjølv om ein nok kunne segle opp mot 45 grader mot vinden.
Det kom etterkvart nye båttypar, og ikkje minst nye segl, sneisegl. Med slike vart båtane lettare manøvrerbare - og lettare å krysse opp mot vinden med. Ein av desse var båtane vart kalla "møring", naturligvis fordi han vart skapt nede på Møre.
Her kan vi skyte inn ei historie om "møringen" på museet i Ålesund. Den fekk dei faktisk frå Namdalen!
Forklaringa er denne: Erik Thorsen Sandvik skaffa seg ein "møring" som han dreiv fiske i Gjæslingan med. Han og sonen Isak var av dei få som berga seg inn til været da stormen kom 2. mars 1906. Det var berre så vidt dei greidde det, for bakre masta på "to-pinnaren " - som også "møringen " vart kalla - brakk under innseglinga. Men da var dei berga.
Da Erik Thorsen døydde, arva Jørgen Ramstad, svigersonen frå Nærøy, båten. Sønene hadde alt skaffa seg andre båtar. Jørgen forstod at båten var vel verd å ta vare på, og han tok kontakt med museet i Ålesund og baud dei båten. Mastrene og segla låg att i Sandvika, men Isak sende dei etter .
Dermed er den einaste båten som berga seg i Gjæslingulykka på museum der båten kom frå. Det står visst at båten var eigd av Jørgen Ramstad, og det er vel rett nok, men det burde kanskje også stått at han frå først av hadde vori Erik Thorsen Sandvik sin?
Ein annan båttype var "listerbåten", som ventelig har sitt opphav nede på Sørlandet, på Lista og der omkring.
Dei første vart ventelig henta søranfrå, men snart var det fleire i Namdalen som også tok opp dette med å bygge listerbåtar .
"Strøm-karane" på Jøa hadde eige båtbyggeri under Mohammaren innafor Faksdalvågen. Der stod jamt ein listerbåt på beddingen. Så fort den eine var ferdigbygd, strekte dei kjølen til neste.
Vi veit ikkje kor mange båtar dei bygde, men ettersom dei jamt var tre mann som dreiv på, må vi tru at det vart ikkje så få båtar opp gjennom åra. Dei tre var
Jonas og Adolf Strøm, og så var det Tobias Faksdal. Dei starta ein gong på 1890talet og heldt fram i alle fall til Jonas døde i 1911.
Deretter vart det ikkje så mykje båtbygging, men både Trygve, son til Adolf, og Anders, son til Jonas, heldt fram, om ikkje i så stor målestokk. "Strøm'an" var også bygningssnekkarar, og særlig Edvard var kjent som ein rask og dyktig kar når det gjaldt å sette opp hus for folk og fe. Ja, han hadde ansvar for å bygge kjerker også. Det vart sagt på denne måten: "Han Edvart e tre-hendt, han, det vil sei ætt'n e hendt med hend' sin!" Hendt med tre, mein æ!"
Her kan det kanskje høve å skyte inn noko om namn på båtar, ja, for dei brukte namn på båtane. Johannes Duun, far til diktaren, hadde ein listerbåt som vart døypt "Trekkfuglen". Om den var skaffa alt da sonen var med på fiske, har vi ikkje klart å finne ut heilt sikkert. Etter den tid hadde han båten i lag med to andre jøbygger, Alf Ingemann Stene og Anton Torsen.
Elles kan vi nemne namn på ein dei andre, slik Håkon Sandvik refererte dei for Henry Leite.
Christian Bragstad på Faksdal hadde ein båt han kalla "Prøven", Olav og Ludvig Tranaas sin båt hadde namnet "Hildur", mens Johan Torsen, Brede og Petter Sandvik hadde ein båt dei kalla "Reven". Og Erik Sandvik og sønene hans hadde gitt sin båt namnet "Føllingen". Dette var, som nemnt, ein "møring" eller "topinnar", og også namnet "Møringen" vart brukt, fortalte Håkon. Vi har ikkje undersøkt kva namn båten har der han står på museet i Ålesund.
Resten av namna Håkon fortalde om, er prega av tida - kan vi nesten seie. Adolf og Jonas Strøm sin båt heitte "Den 7de Juni", og det fortel oss vel at den hadde fått namnet etter 1905, da Christian Michelsen "slo opp med svenskane". Det var kanskje naturlig, for Strøm-karane var venstrefolk. Resten var også "nasjonale" namn, gjerne inspirert av den tida rundt århundreskiftet.
Ola Faksdal hadde døypt båten sin for "Gangerolv", og Iver Faksdal kalla sin for "Valkyrien", mens Martinus Letviks båt bar det stolte namnet "Tordenskiold".
Vi veit ikkje om det var denne båten han Martinus hadde da han berga seg unna uveret 2, mars 1906, men det gjorde han. Som så mange andre måtte han berre segle unna da uveret rauk opp, og han var heldig og kom inn i Rausunda mellom Jøa og Otterøya. Dermed kom han velberga inn til Finnanger .
Snart kom også motorbåten, og med den ei ny tid
Den første som skaffa seg motorbåt på Jøa, vart Martinus Bårdevik. Kva år det var, har vi ikkje funni ut, men i 1907 var det seks motorbåtar i Gjæslingan som dreiv fiske der. Vi kan kanskje rekne med at det var litt før den tid at han tok til med motorbåt. If. "Tidsbilder V" frå Otterøy historielag var det enten Bårdevik på Jøa eller Severeide på Rørvik som hadde den aller første motorbåten her i Namdalen.
Her må vi skyte inn at Sigurd Krekling nemner at Ole Hanø i Fiatanger skaffa seg motor alt i 1905, og visstnok same året skaffa lekværingane Johan Leknes, Karl Hemmingsen og Einar Furre ei 40-fots skøyte dei sette motor i.
I tillegg kan vi nemne at Hartvig Bondø i Gåsværet skaffa seg motor samtidig med Kornelius Severeide. Det var ein motor med "sterkt" namn. Den heitte "TOR"! Men det var ein feil med leveransen, slik at han ikkje fekk motoren installert før vinteren etter Severeide! Likevel bør det vel nemnas.
Det er mangt å seie om'n Gammel-Bårdvik, som vi sa, vi som voks opp i trettiåra. Det er vel ikkje grunn til å seie at han var original, men han var litt annleis enn andre gamle vi hugsar. Nedskrivaren av dette hugsar at han tok oss ungane på alvor, møtte oss som ein "jamlike" på eit vis.
Dette, at han var litt annleis, er vel også grunnen til denne historia, som gjekk på bygda:
Han hadde kjøpt motoren hos Isidor Isaksen i Ålesund, og så fekk han problem med den. Dermed måtte han ringe til leverandøren. "E det du, Isidor?" sa han da han fekk han på tråden.
Folk syntes dette var litt spesielt, at han skulle vera på fornamn med ein "storkar" i Ålesund, men dette var nok naturlig for han. Han var ikkje "større" enn oss ungane, og han var ikkje "mindre" enn handelsmannen.
Han var lett å halde moro med for dei som "kunne betre", og historia om korleis han kommanderte da han skulle ha snudd båten, er heilt sikkert tatt ut av lufta. Men det var Bårdevik som fekk "skylda". Kommandoen skulle ha lydd slik: "Legg forenden akter!"
Derimot skal det visst vera sant at han helte olje på sjøen for å dempe bårene ein gong det var overhendig uver. Om det hjelpte, seier ikkje "soga" noko om.
Etter kvart kom det motorbåtar jamt over i kvar manns gard - der det var tradisjon med fiske. Vi har nemnt "møringen" hans Erik Thorsen. Den hadde segl. No var det sønene som skaffa seg motorbåtar. Det var Isak, Johan og Håkon. Dei hadde kvar sin båt.
Isak hadde "Tobias", Johan kalla sin for "Max", som alltid vart uttala i bestemt form: "Max'n". Og så var det Håkon sin båt, da. Håkon var ungkar, og det er nok litt sjølvironi i at han kalla båten sin for "Jenta"!
Søskenbarnet, Edvin Thorsen, hadde også båt, og den heitte "Turi". Den har eksistert til for få år sia.
Det var forresten slik at dei første motorbåtane vekte motstand, og "Fiskarsoga" fortel ein del om det. Både på Innherad og i Gjæslingan vart det skipa til "massemøte" og lagt ned protestar. Motorduren skremte fisken, var det viktigaste argumentet.
Men dette heldt ikkje, som vi forstår .
"Den nye tida" tok over heller fort etter kvart som røynslene var gode.



OLAV DUUN OG BÅTEN.

Dette er eit tema vi kunne ofre mange ord på, men vi skal så småningom la diktaren sjølv få ordet.
Først er det å seie at miljøet han vaks opp i, hadde sterkt preg av "båten". Og sjøen var ein vesentlig del av livet- og livberginga. Det var fiskarbønder gjennom generasjonar det er snakk om. Faren og bestefaren var fiskarbønder, og oldefaren var ein av dei tre som omkom på Folda på ein segltur frå Kalvøya (Abelvær) til Jøa.
Sjølv var Duun med på det meste. Om vintrane, som sagt, var det skreifisket i Gjæslingan. Kvar einaste sommar - og utover hausten og- fiska dei sild uti vågane og fjorden. På seisjøen og uersjøen var han med. Det var ein del av levemåten, dette.
Han var ein vaksen mann før han drog på lærarskolen på Levanger, men før dette hadde båtliv og fiskarliv vori ein vesentlig del av kvardagen. No skulle han skrive både det han hadde opplevd og det han hadde høyrt.
Da han hamna i Botne ved Holmestrand, skaffa han seg hus høgt oppe på Ramberget, med utsyn ned på Oslofjorden. Og det var ikkje uvanlig at han tok seg ein tur på sjøen om haustane når makrellen kom inn i fjorden. Det var ikkje noko som kunne stoppe han da, er det sagt. Båten og sjøen heldt sitt tak på han, sjølv om han var bufast i Vestfold ein mannsalder.
Dei aller første barneåra heldt han til på Brakstad, som nok er underlaget for "Landet i eventyret", og han let Odin ha nokre av dei opplevingane han sjølv nok hadde hatt frå den tida:
"Odin lo da han kjente båten flaut under seg; han lo så det lya over sundet. Han sat på framtofta med åra si. Tunga vilde ut i munnvika, og pannehuda vart stinn, for det var om å gjera at krabben ikkje tok åra, hadde Bendek sagt.
Gong for gong var han der og tok i henne, men han var glad da han sleppte att." Og så litt seinare:
"Så, no hadde dei agn i sjøen, no kunne det bote kva stund det skulle vera. Odin syntes huva letta på hovudet. Han dyppa ikkje åra meir. Dei rodde over fisk no, det kjente han.
I det same gav det ein liten rist i båten, og Bendek la i og svor. Det hadde vori ein sei på venstre trøa, men han sat ikkje. Da Odin kom seg etter det, seier han alvorsamt: "Dokk må itj bannast!"
Bendek måtte sjå seg attover aksla: - Jaså? Så mumla han da han var kommen i roinga att: - Nei nei forresten. På landjorda så. Men fiskaren, han får vite anna, han. "
Sjøen og båten er alltid med hos Duun - det er livsgrunnlaget, det er sambandet mellom bygder og grender. Skal ein til handelsmann, kjerke, doktor eller kva det no er, må ein ty til båten.
Da Odin som unglyr skal til martna'n på Mælen oppe ved Namsen, må han låne båt og segl på Segelsund. Vi skal ikkje hefte ved det, men det Duun fortel, viser at han sjølv også visste korleis det var å segle. Om han hadde kollsegla sjølv nokon gong, har vi ikkje kjennskap til.
Sommarsildfisket, det er Duun inne på i fleire høve. Vi skal berre sitere eit lite utdrag frå "Tre venner". Det har gått sildbud, så no er det om å gjera å komma "not i sjø" så fort som råd:
"Endelig hadde dei skrapa ihop ein tolv tretten mann med stort og smått, og dei gjekk i båtane. Basen og underbasen rodde først, etter kom notbåten og spelbåten. Og no kom silda så det brunte i sjøen, ho kom innpå vågen settande, skruva seg og tvinga seg i sjøskorpa, av og til vart sjøen reint svart av henne, og så hagla det og sildra det bortetter, i plask og blenk, det båra og valt av sild, det fossa og frøste, og storseien koka og fuglen trødde sjøen. -
Basen føre og syner kursen, og så smell det, stutt og sterkt: - LA GÅ. NOT!
Nota går så fort to sterke karar er god for å hive ut, og dei ved årane ligg flate bakover. Dei gjer bogekast og har snart ringa henne inn.
Men så ber det til å spela nota inn, notbåten på eine enden og spelbåten på andre, og det MÅ gå for seg no. For no skulle her takas sild, sild i tusenvis med tønnor, det var rame blodige krigen, dette, dei tykte dei hadde blod på tann! Pengane tenkte dei minst på, enno. "
For den som vil vita noko om landnotfisket, korleis det gjekk for seg i gamle dagar, kan ein godt rå til å lesa "Tre venner". Ho er jamgod med mang ei lærebok, om noko slikt skulle finnas.
Når Duun er oppteken av båten, viser han det ikkje minst i "Hilderøya", der han har ei skildring av NORDLANDSBÅTEN, som elskarar av denne båttypen burde ha i glas og rame på veggen:
"Det er ein draum som syg seg gjennom Svein av og til, eller ein saknad. Det er Nordlandsbåten. Han ser han for seg som eit syn:
Det er våren, og sørover alle fjordane går nordanvinden utrøyttelig, vakar i alle det grå nætene, vårnordanvinden som det ingen ende er på.
Då kjem det segl etter segl og stryk søretter, brune råsegl med toppseglet høgt i veret lik eit ungdoms overmot - og fløya derover som eit sigerstegn. Og båten skyt fram i båra, så nakkehøg og byrg, skinande blankbrædd med grøne ripar, ein kan ikkje få auga frå han, ein må leike att og fram med denne lina, som er så blank og fin, frå stemme og krysstokken nedetter framslaget og langsmed vaterbord og rip heilt opp til lyroddane atterut: - stoltare, fagrare draum har ikkje norsk sjømannshjarte bore.
Og no er han trengt unna for allslags kravlande og kakkande trollty, som kan ta sjøen meir praktisk, utan hefte og utan venleik.
Svein har dikta noko om nordlandsbåten, eingong for lenge sia og i si innarste sjæl, noko slikt som å gjera han til einaste båten for heile landet, full av eventyr og poesi.
Han kom ut for eit par prosanevar, og så var diktet slutt. Og sjøl er han lemster og øm etter dei nevane, det kjennest som han treng mannsaldrar for å gro att. Striden vart så mykje verre for han som fekk hjarta imillom."
Denne litt nostalgiske skildringa er som ei teikning i ord som nesten kan få både Karl Erik Harr og andre til å bleikne. Men også realismen finn vi - i
"prosanevane", som Duun uttrykker det.
Sjølve seglinga finn vi og i "Hilderøya". Svein er på eitt vis sjøredd, men han må segle, og vi opplever også dette:
"Der var noko ved det djerve floget, når båten løfta seg på båra og sendte iveg frametter, som gjorde han (d.e. Svein) rar tilmodes. Sjøane kom så tunge og mørke så dei mest tok bort dagen, med lysgrøe ryggar og kvitgrøne toppar , nådelause lik store stive andlet, dei kom og dei kom i susande følge, som ei herferd og ein isande kjempeleik.
Båten venta dei, løfte seg på dei og skar iveg som han ville renne lukt framover avgrunnskanten og ned i djupet.
Det heitna og kjølte i Svein. Kvite skavlar gjekk til falls attom styret, kom sendande med dauden og helvetet og ville nå dei, men gav seg med ein sukk. "
Duun må sjølv ha kjent denne redsla i seg einkvan gongen. Det var nok meir Svein i han enn det var Edvart Jørgen, om vi skulle tvile på det. Men han finn også som eit svar: "Himmel og jord høyrer alltid dei til som har hjarte for å eiga det."


RORBUER I GJÆSLINGAN.

Etter ein rapport frå 1903, som distriktslege Natvig på Rørvik skreiv, var det 42 buer der da. Men på eit kart som er gjengitt i Otterøy historielags hefte, var det nesten 30 buer berre på Heimværet, eit dusin på Flatholmen, 17 på Kalholmen, 8 på Nakken, 14 på Sæternesholmen, 11 på Sørenskjæret, 3 på Lyngsnesholmen, 10 på Stor-Langøya og 2 på Litl-Langøya.
Dette skulle bli nære på 100 buer i alt, men det går ikkje fram av oversynet om alle buene eksisterte samtidig. Vi må kanskje rekne med at det var noen færre. Ein del vart kjøpte og omlaga til faste bustadhus også, og dei er med i dette store talet.

Namna på buene fortel jamt over kvar fiskarane var ifrå, eller kva dei heitte, dei som åtte dei.
Torgbua fortel oss at eigar/brukar kom frå Torget på Helgeland.
Sundbua kunne ha namnet mange stader ifrå, men det var folk frå Sund, sør i Sømna som hadde tilhald der.
Korsnesbua fortel at eigaren var frå Korsneset ut for Kolvereid.
Finnangerbua, Hommelstøbua, Hoddøybua, Lysøybua, Bragstadbua, Tranåsbua, Skreddarnesbua, Skjærvikbua, Bindalsbua og Vikestadbua fortel også stort sett det same, berre med det atterhaldet at den siste ikkje høyrde heime på Vikestad på Vikna, men frå staden med same namnet i Bindalen.
Skogmobua har namnet sitt frå Skogmo i Brønnøy, eit stykke inn for Brønnøysund.
Staværingsbua seier seg sjøl. Der heldt folk frå Stadsbygda til. Dei var sikkert i slekt med Kristaver Myran og han Pinade med litlfoten frå "Den siste viking"! Dunabua kunne ein kanskje tru var rorbua til Johannes Duun, far til diktaren. Men som vi skal sjå litt seinare, så stemmer ikkje dette. Det var ikkje i Dunabua diktaren heldt til.

Her skal vi gå litt nærmare inn på dette, ut frå dei opplysningane vi finn i "Tidsbilder V", som vi alt har vist til i tidligare samanhengar. Dette er eit godt hefte som Otterøy historielag har gjort, og som naturlig nok har mest frå Otterøya og dei Gjæslingfiskarane som var derifrå.

Olabua fortel om eigaren, Ola Faksdal. Bua låg på Kalholmen. l oversyn "Tidsbilder" har, er ikkje Ola med, men sønene Iver og Olaf er der - i lag med Johan Helmersen Letvik, Kristian Hagerup Hov og Adolf Eriksen Bårdevik. (Den siste var ein nabo av før nemnde Martinus, men dei var ikkje i slekt.)
Dunabua, som låg på Flatholmen, høyrde til Helmer Iversen og Peder Iversen Duun. Dei var nok langt ute av same slekta som Johannes Olsen og Ole Johannesen Duun. Johannes hadde også bua si på Flatholmen, ikkje langt frå det som vart kalla Dunabua.
Men denne hadde eit litt spesielt namn: Ho vart kalla "Tivoli"! Vi kan undre oss over namnet. Det ligg nok ei eller anna historie bak, utan at vi har nokon kunnskap om den. Det skulle ha vori interessant å vita!
Det er litt usikkert, dette, om det var "Helmerbua " eller " Johannesbua" som eksisterte enno på 1930-talet. Dei låg ved sida av kvarandre, nemlig, og med Eitranbua like ved.
Men det vi kan slå fast, om vi skal tru "Tidsbilder" , så er det det at den unge Olav Duun hadde tilhald på "Tivoli"!
Ingen av desse buene eksisterer lenger.
På Heimværet, der det if. Natvig var flest buer stod bl.a. Skilhagenbua og Spjøtnesbua. Den siste vart flytta til Kalholmen og da kalla Ganesbua. Dette viser oss at det kan vera ei og same bua som er rekna to gonger i alle fall.

På Sørenskjæret heldt Salamon Reitan Skjærvik til i Skjærvikbua, og her hadde også Martinus Bårdevik si bu - som sjølvsagt vart kalla Bårdevikbua. Bårdevik hadde også bu på Flesa, sør for Tviberg/Appelvær, men om det er same bua, skal vera usagt. Den står faktisk den dag i dag - ved god hjelp frå Jøa ungdomslag.
Bua stod til nedfalls. Golvet var falli ned, og ei ørn hadde ordna seg reir på ei kråhylle inne i bua. Bua vart reparert, bordkledd, og nytt tak vart sett på. Det var berre skjåen som ikkje kom på plass.

På Lyngsnesholmen var det ei heil rad jøbygger som heldt til. Der var bl.a. ei "dobbeltbu" med skjå i kvar ende. Når to buer var bygd ihop slik, spara dei ein vegg midt i bua. Dette var Brakstadbua og Tranåsbua. Like ved låg også den som vart kalla Skreddarnesbua.

Etter eit notat frå 1872 var desse fiskarane stasjonert der:
I Brakstadbua var Elias Ravaldsen Bragstad, Christian Eliassen Bragstad, Anton Eliassen Bragstad, Konrad Eliassen Bragstad og Johannes Bertelsen Bragstad.
I Tranåsbua var desse: Mikal Ravaldsen Hovsneset, Gabriel Moldvik, Iver Olsen Tømmervik, Thore Petter Larsen Tranaas, Johan Larsen Tranaas, Nils Pettersen Tranaas og Peder Nilsen Tranaas.
I Skreddarnesbua finn vi: Andreas Altsen Skreddernes, Petter Eriksen Skreddernes, Raffel Eriksen Skreddernes, Petter Jenssen Wedø, Mathias Jenssen Wedø, Johannes Jenssen Wedø, Oluf Jenssen Wedø, Carl Eriksen Strømmen, Ole Sivertsen Strømmen, Thore Ludvigsen Kalkløv og Andreas Pedersen Håkilan.

Vel 40 år seinare, i 1916, finn vi ei tredje bu. Der budde Kristian Grøtting Lund og Peter Olsen Myren.
Den siste heitte nok Peter Olsen Buarø, var opprinnelig frå Buarøya på Fosenkysten, men budde på ein plass under Seierstad som heitte Myra. Kona hans var fødd Grøtting frå Lund, så dette stemmer nok.
Vi ser at dei fleste som heldt til her, var jøbygger og elvalandbygger. Kva ein skal kalle Vedøyfolka, blir vel ei smaksak, ettersom Vedøya ligg i fjorden mellom Jøa og Elvalandet.
Men tre av dei var på sett og vis jøbygger. Mathias hadde garden Øverdun før Johannes, far til diktaren. Da Johannes Duun kjøpte, flytta Mathias til Hoddøya. Johannes og Oluf Wedø skaffa seg gardpart i Holvika og budde der. Og etterkommarane har tatt namnet Holvik.
Olav Duun rodde, som nemnt, fiske frå Flatholmen, og bua, som altså vart kalla "Tivoli", låg ikkje langt frå Fiskarheimen, som if. "Tidsbilder" vart oppsett i 1883. Så han eksisterte da diktaren heldt til der, og vi kan nok rekne med at han besøkte forsamlingshuset no og da. Faren var der heilt sikkert. Fiskarheimen var jamt besøkt av emissærar, om dei var etter faren sitt syn, var han nok gjest der somtid i alle fall.
Vi har ikkje greidd å slå heilt fast kva år Olav Duun var i Gjæslingan, men vi tør foreslå at det var frå 1890 til-98. Kanskje var det ein vinter eller to seinare? Sjølv skal han ha sagt at han rodde fiske i åtte vintrar. Broren, Erik, sa til nedskrivaren av dette: "Han va no med i allfall i seks år! "
Kva som er rett, tør vi ikkje fastslå. Vi må også ha slingringsmonn fram til 1891 eller 1892. Og med tilsvarande mange år framover mot århundreskiftet.
Det vi sikkert kan seie, er at han brukte både øyra og auga godt, same når det var han heldt til der!



EIN RAPPORT OM FORHOLDA.

Vi har alt nemnt at distriktslege Natvig i 1903 skreiv ein rapport om forholda på rorbuene i Gjæslingan. Den skal vi ta med ein god del av her.
Rapporten stod i "Tidsskrift for Den Norske Lægeforening" og var skriven av Natvig, som hadde vori lege på Vikna.
Han fortel om dei sanitære forholda - og andre forhold der ute i fiskarværet. Det er sant å seie ikkje flatterande opplysningar han kjem med.
Det er mangt å ta fatt i, men vi kan starte med buforholda.
Han skisserer dei ulike typene rorbuer han har registrert, og vi kan først sjå på det han har å seie her .
Den enklaste typen er ei lita bu med alt på eitt plan, og med ein skjå for kortenden. Frå skjåen er det inngang til bua. Der var eitt rom der ein åt og sov og fekk stelt maten i same rommet. Skjåen var ein plass der ein kunne henge opp børnskap og stelle han i stand. Der kunne ein egne liner, og jamvel gjera opp fisken. Det siste vart elles gjort i båten før ein kom på land. I skjåen kunne det hengas garn til tørk, og der var også plassen for oljehyre og slikt. (Våte klede måtte ein ta inn og tørke!)
Denne enkle typen kalla han "Type A ".
"Type B" var noko større, med to etasjar. Der var det arbeidsrom nede og soverom ovanpå. Der var også kjøken med komfyr, og han nemner "Hyllbua " som eksempel.
"Type C" var ein mellomting, og her nemner han Månesbua. Der var arbeidsrom med senger og komfyr, og ein skjå for børnskapen. Sjølv om det var senger og komfyr på same rom, vurderte Natvig denne typen buer blant dei beste.
Han nemner også ein fjerde type. Det er Sæternesbua, som er i to etasjar, men skjåen er ikkje plassert ved endeveggen, men etter langveggen. Andre etasje var bygd ut over skjåen slik at det var større soveplass der .



LUFT Å SOVA I

Natvig tar for seg kubikkinnhaldet i dei forskjellige butypene, og da blir resultatet heller dårlig for dei alle fleste
Han nemner Nordøyan som eksempel. Der er det gjennomsnittlige kubikkinnhaIdet berre 1,15 pr. person. Og det er ikkje så mykje betre i Gjæslingan heller. Der er gjennomsnittet 1,75 kubikk for kvar person!
"Man finder dog," skriv han, "variationer fra 3,75 og helt ned til 0,69."
Og han er krass i sine vurderingar: "Man fristes til i denne forbindelse at spørge hvor stort rum "Foreningen til dyrenes beskyttelse" vil beregne til en sau i dens stald, eller hvor meget kubik en snedker beregner på en ligkiste."!
Det er tydelig at legen er sjokkert, og sarkasmen hans er tydelig med adresse til væreigaren når han spør: "Hvor mange fiskeboller går der i en preservesboks?" Og han legg til: " At en voksen mand kan hvile en træt krop på et areal av 0,52 kvadratmeter lyder utroligt og synes at en fisker kan sove stående."



GRUNDIG ARBEID.

Natvig har tydeligvis gått grundig til verks: "Ved at beregne gjennemsnittet av 19 boder av Type A ", altså den minste typen, har han funni fram til dei måla han gir opp. Han har sett på arbeidsplassane, kor stor golvflate kvar fiskar har å snu seg på, og det er heller ikkje rare greiene – sjølv om det altså er skilnad på dei beste og dei verste buene.
Han kjem inn på ventilasjon og krava som er stilt til denne. Krava er blant anna at det skal vera "avtrekkspiper", og no - ni år etter at forskriftene kom - er det berre fire rorbuer som har etterkommi krava!
Slagvindu, som også krevs, er det berre 16 av på dei 124 romma han har inspisert. Det er væreigaren, meiner han, som har ansvaret, men det har ikkje Iykkas å få til ei ordning med dette, og legg ironisk til: "Den naturlige ventilation er derimod mangesteds dessverre altfor stor på grund av den forfaldne tilstand hvori en hel del av rorboderne befinder sig i. "



EIGE KJØKEN.

Forholda er elles slik at det er berre nokre få buer som har eige kjøken. Elles er komfyren alltid i arbeidsrommet, men "der findes dog ikke en eneste komfyr, der er forsynet med damphette, og når man betænker at der i døgnets løb skal koges en del måltider til uregelmessige tider til 20-30 mand, finder man her forklaringen på den i rorboderne herskende stadige fuktighed, der ikke alene ødelægger rorboderne, men også deres beboere. "
Natvig har vurdert lysforholda, som han finn er dårlige. Han har bedt om sakkyndig hjelp til dette, men har fått avslag, skriv han.
Han skriv også om korleis han har vurdert buene og kommi til at 10 av 42 er gode, 15 er "nogenlunde gode", 4 er "dårlige" og 13 er "slette", og han slår fast at "et kraftig og ubundet sundhedspoliti er nødvendig."
Ein type rorbuer er han sterkt imot, og det er dei som har to etasjar. Straks etter at dei er oppsette, kan dei vera bra, trur han. Men når det har gått ei tid, kjem forfallet. Takborda gisnar, og da er dei skyld i "iltilladeligt griseri" skriv han.
" Alskens griseri" drys ned i maten og anna som er i første etasje.
Det kan vera vanskelig å gjera reint i andre etasje fordi det er så lågt under taket utmed veggane. Der er det berre 15 cm, har han målt, grundig som alltid.



FORSLAG TIL FORBETRINGAR.

Natvig har ein del forslag til korleis ting kan gjeras på eit betre vis, og han nemner eit system dei har i Lofoten, som dei kunne innføre her også, slik at fiskarane får betre plass.
Han meiner det ikkje bør vera meir enn to båtlag i kvar bu, dvs 10-12 mann. Noko som kanskje kan forundre i våre dagar, er at han har tenkt seg at det kan ligge to mann i kvar køye. Det er ikkje stort ansleis enn det kunne vera i skogstuene rundt omkring. Der var det ofte også slik, enda ein skulle tru at her var det meir byggematerial enn ute i fiskeværa
Han har laga skisser av to-roms buer med plass til høgst 12 mann i kvar .
Det er viktig, seier han, at buene ikkje blir rekna etter kor mange mann som bur der, men etter kor store dei er, og kva standard dei har. Prinsippet med å ta betaling for kvar person, har ført til "megen uorden", fordi den som leier ut, har "pekuniær interesse" av å presse så mange som mulig inn i kvar bu. Minimumskravet etter "sundhedsforskrift" frå 1893 bestemmer at kvar mann skal ha minst tre kubikkmeter luft.
Dette førte til at væreigaren ville sette opp leiga.
No kan dette sjå ut som det er først og fremst væreigaren Natvig er ute etter, men han nemner også private. Likevel er det nok væreigaren han ventar skal gå fram på ein slik måte at også dei andre kan følgje på.



"DE HYGIENISKE FORHOLD I VIKTENS FISKEVÆR OG FISKERILOVGIVNINGEN I NAMDALEN".

Dette er titelen på den andre artikkelen Natvig skriv, og det er heller ikkje nokon lystelig lesnad. Vi siterer:
"Fiskernes personlige renlighed er i det hele taget ikke stor," skriv han, men legg til: "Dog findes meget hederlige undtagelser."!
Reinhaldet i buene er "slett", skriv Natvig, og når vi veit at i hans vokabular er "slett" verre enn dårlig, så forstår vi at det må vera ille, rettelig ille. "Feieskarn og agnrester skaffes ofte væk ved at det feies gjennem huller i gulvet. Dette gjør jo intet, hvor skarnet går lige i sjøen; værre blir det det hvor rorboden ligger høit oppe på land, og værst, hvor en som i enkelte tilfeIde, hviler på helt lukket grundmur. RORBODEN KOMMER SÅLEDES TIL AT HVILE PÅ EN MØDDING."!
(Her kan vel vi, som hugsar det gamle forsamlingshuset på Jøa, dra oss til minnes at dette var systemet også der. Sjølvsagt var det ikkje agnrestar der, men skit og støv var det meir enn nok av. Ein auste vatn på golvet, og så skuva ein alt rasket bort til holet med ein nal. Det var ikkje langt frå at det vart som ein "mødding" under golvet der heller!)
Utanfor rorbuene var det ikkje stort betre. Matrestar, gammalt agn og anna skarn vart kasta rundt omkring. Få gidda å gå ut av døra, dei berre slengte frå seg rasket frå åpninga!
Slik er det ikkje i Lofoten, skriv Natvig. Der har han høyrd at fiskarane ikkje eingong får gå inn i bua med sjøstøvlane på.
" Årsaken til det utilgivelige griseri inden som udenom døre, er væsentlig mangel på sundhedspoliti. "
Elles meiner han at det må vera ein som har ansvar i kvar bu. Ingen " optræder heller som den ledende i rorboden, alle føler sig lige."
Han har lagt merke til at når legen har vori ventande, så har dei rydda opp likare enn når han kom uventa!



DRIKKEVATN.

Drikkevatn var eit stort problem:
"Med drikkevandet er det vistnok værre end med alt andet. - Jordbunden er i høi grad gjennemtrukken av rådnende organiske substanser fra alskeus avfald -desuagtet er fiskerne henvist til vandpytter, med tilsig fra alle slags ulumskheder, og ikke på nogen måde beskyttet endog mod grov, direkte forurensning."
Forholda er motbydelige, skriv han. Og det finnes ikkje ein einaste brønn i fiskeværet utanom den eine som er låst for fiskarane. Elles er det heller ikkje vatn nok dersom det skulle bli langvarig tørke.
Da må fiskarane hente myrvatn frå Kjerkøya, 1000 til 1500 meter borte frå sjølve været.

Natvig sørgja også for at det vart teki prøver av vatnet, og resultatet var heller trasig. Det viste seg at det einaste vatnet som var nokolunde brukbart var vatnet, altså myrvatnet, frå Kjerkøya!
Forklaringa er nok den at der budde ikkje folk. Rett nok hendte det unntaksvis at det var fiskeoppheng der. Men dette gjorde ikkje så mykje likevel.
Natvig er inne på tanken at det kan lagas brønnar fleire stader på området, men da måtte nedslagsfeltet sikras effektivt.
"Forhåbentlig vil tiden snart være inde også for vandboring på Viktens fiskevær," skriv han.
Dette skjedde også, men det tok tid før det endelig vart.



LEGEORDNINGA.

Det blir også lagt fram tankar om legeordninga i fiskeværa. Natvigs forgjengar, distriktslege Fretheim, søkte om stønad til turar utover, men det vart lite av dette etter som vi forstår.
Det vart ytt bidrag så seint at det vart berre til tre turar, og dei vart berre til sjukepleie. Natvigs hjartebarn, "sundhedspleien", fekk berre skjøtte seg sjølv. Fiskarane er også skuffa, seier han, og konkluderer med at det bør vera fast lege i væra under vinterfisket.
Det er problem med dei sjuke, for det er ingen stad å plassere dei. "Nærmeste sygehus findes i Namsos, hvortil det er en lang, besværlig reise, og hvormed forbindelse ikke ofte haves."
Ideane hans slo nok omsider igjennom, og det vart oppretta sjukestue - omsider.



LEGEDISTRIKTET .

Vi kan også ta med litt om arbeidsdistriktet Natvig hadde. Ei reise fram og tilbake når han skulle utover frå Rørvik, var 102 km. Og det var å reise i åpen båt! Og det blir fortalt at han utanom fisketida hadde 2000 km å reise kvart kvartal. Det skulle bli 8000 km, også det i åpen båt. Det er knapt så vi i våre dagar kan forstå slikt, men vi må tru det var så.
Han har forslag til forbetringar også her - og samanliknar med forholda i andre distrikt som er mindre ofte. Blant anna nemner han at fiskerilegen i Halten, som er eit langt mindre distrikt enn Vikna, får 1000 kroner for to månader. Pengeverdien var sjølvsagt ein heilt annan den gongen enn i våre dagar, men vi kan vel knapt seie at Natvig er direkte kravstor?



MASSEMØTE.

Som den aktive mannen Natvig ser ut til å ha vori, fekk han ordna til eit "massemøte":
" Bedebuset, det største forhåndenværende lokale, var fyldt til trængsel av en interessert forsamling, der efter 8 timers diskussion samledes om en række resolusjoner."
Dei gjaldt sundheitsforskrifter, rorbuer, priveter mm. Dei gjaldt fiskerilegeordning, drikkevatn mm.
Han viser til referat i "Morgenbladet" nr. 219. Det kunne vori interessant å sjå kva som stod der!



BOTEMIDLA.

Deretter tek han for seg botemidla, og da er det først og fremst dei nye "sundhedsforskiftene" han referer. Det gjeld hygienisk tilsyn, korleis fiskeavfall skal behandlas, korleis rorbuer, fiskebrygger og anna skal vera. Og det krevs at kvar fiskar skal ha minst 1,5 kvm golvplass og minst 4 kubikk luft - natt som dag. Og på kvar bu skal det stå med store bokstavar kor mange personar som kan bu der, og kubikkinnhaldet på kvart rom.
Eit ordensmannssystem skal innføras, og det skal vera hovudreingjering kvar laurdag. Spytting på golvet skal vera forbodi, og det skal vera spyttebakkar på kvart rom.
Det er slik at for oss i dag, er dette sjølvsagte ting, men det var ikkje det før i tida. "Spøttkoppen" var ikkje vanlig for eksempel, men den vart det etter kvart - og vi som hugsar den gamle kjerka på Dun, vi hugsar også at det var plassert slike både nede i kjerka og oppe på galleriet. Dei gubbane som togg tobakk, "måtte" sjølvsagt spytte. Og det gjaldt vel enten dei var i rorbua eller kjerka!
Noko særlig "sanitært" var knapt "spøttkoppen" heller, men det var no likare enn å spytte på golvet - for det gjorde dei og, gammalkarane, etter det som er sagt.



MEDISINALFOND.

Den mest interessante tanken Natvig tok opp, var at det vart oppretta det kan kalla "medisinalfond" - ved hjelp av avgift på fiskefangsten. Han set opp eit reknestykke, som vi ikkje treng å ta med her, berre nemne at ein på det viset kunne ta inn 3.650 kroner av ein tenkt fangst. Det ville vera nok til å betale utgiftene med å ha ein fiskerilege dei vekene vinterfisket vara.
Han har og forslag om korleis dette kunne løysas: "Fiskerilægeposten kombineres med en kommunelægepost på Leka, det nordligste herred i Viktens lægedistrjkt, dog således at Leka under fisket må være uten læge således som tidligere."
Reknestykket konkluderer med at dersom denne ordninga blir innført, vil dei offentlige kassane spara 700 kroner året på ordninga.
Kva skal vi så seie om rapporten? Vi må ventelig godta at situasjoen var slik Natvig opplevde han, og så må vi slå fast at sjølv om han hadde mykje negativt å seie om forholda i Gjæslingan - og dei andre væra, så var det likevel det ein må kalle ein konstruktiv kritikk.
Og for oss som no så lenge etter har hatt høve til å sjå på rapporten, er han god å ha med seg, når vi skal vita om forholda. Slik var dei. Men som Natvig også seier: "-dog med hederlige undtak"!





INTERVJU MED ALMA OG REIDULF FAKSDAL.

(Alma f. 1905, Reidulf f. 1906)
Alma var kokke for 22 mann på ei rorbu i Gjæslingan på 1920-talet. Reidulf rodde fiske der i 1931.
Det er Reidulf først og fremst, som fortel. Alma føyer til sine opplysningar og kommentarar under vegs. Her har vi "sortert" litt.
- Eg dreiv juksarfiske ilag med Olav Tranaas - og vi budde i Jøa-bua, der det var mange andre jøbygger denne vinteren. Det var nærmast slumpen som gjorde at eg vart med, men eg hadde passa laksnota hans ein del om sommaren, og vi dreiv heimefiske med laksbåten hans Olav. Så eg var vel den nærmaste til å bli spurd da det kom tidend om godt fiske i Gjæslingan, og dermed slo eg meg med.
Vi brukte laksbåten der også. Han hadde ikkje motor, berre mast og segl. Men det høvde så godt at ein nærøykar som dreiv og kjøpte opp fisk ilag med Johan Sandvik, var der akkurat da. Så slepa han oss utover til været.
- Var det Jørgen Ramstad, kanskje, han svogeren hans Johan?
- Nei, det var ikkje han. Eg hugsar ikkje kva han heitte. Men vi kom no lettvint til Gjæslingan i alle fall. Vi slapp no å ro!
Olav var jamt på fiskarheimen om kveldane, det var naturlig for han, det. Men vi andre var der no, vi og. Det var trivelig å treffas. Der var mykje song og musikk, og det var både mat og kaffi å få kjøpt.
- Og sviskegraut?
- Ja, det og! Det var no mesta så det var sjølvsagt at det vart servert! Godt var det og. Ein kveld var det ein møring som var i Gjæslingan. Han sette seg ved orglet og spela. Han var ein rettelig spelmann som kunne alt mulig, ikkje berre salmar. Etter ei stund sette han i gang med å spela lettare musikk, han spela både vals og reinlender. Men det var visst ikkje slikt som høvde på ein fiskarheim, så han fekk hint frå bestyraren om at dette burde han slutte med. Og det gjorde han, og dermed vart det ikkje meir musikk. Bestyraren hadde sett ned foten, og spelmannen slutta. Det var litt synd, syntes no vi, at han slutta, altså!
Det var ei frå Skreddarneset som var kokke på heimen, ho Oline Feskarmor, dei kalla. Ho var ikkje bestyrar, berre kokke - den gongen i alle fall.
- Det var godver og stilla da vi kom utover, stille og godt, men litt dønning.
Dermed vart Olav sjøklein! Det var visst vanlig, det, dei første dagane, forstod eg. Sia så gjekk det no over. Da vart han vant til sjøgangen. Han var ikkje åleine om å ha det slik.
Vi hadde rodd sørpå, ut mot fyret, og vi låg der og fiska. Best det var, sa han at no måtte vi heim. Han ordna med master og segl, sette seg ved masta og bad meg overta. Nokon seglar var eg ikkje, men vi kom no heim.
- Og fisk fekk de?
- Ikkje så mykje den dagen, men seinare hadde vi eit par riktig svære fiskedagar . Da kom fisken opp mot været. Vi var mange båtar ute, men vi fekk ikkje noko, og ikkje dei andre heller. Da la eg merke til ein stor båt som låg stille langt nordpå. Det var ein båt som var minst like stor som han "Tobias", båten hans Isak Sandvik.
Det var tydelig at han fekk fisk.
Det var langt å ro, men vi la i vegen dit båten låg - og han drog skrei med han ville. Stor skrei og.
Snart var vi i fiskinga, vi og. Det var berre å finne den rette djupna. Til å begynne med fekk vi ikkje noko, men det beit på noko småtteri på kroken min, og eg begynte å dra opp. Og jau! Da hogg det i ein sværing. Det var ein diger hoskrei som hadde slukt den fiskesåla eg hadde på frå før!
Deretter fekk vi 160 digre skreiar, og dermed var det ikkje plass for fleire i laksbåten. Så måtte vi dra tilbake til været og gjera opp fisken og avhende han. Vi hadde fått alt med vi ville, så hadde vi hatt større båt, hadde vi fiska meir!
Dette var like før påske.
Garnbåtane heldt til på Flesahavet. Dei sette garna før skjærtorsdag - og drog dei på påskeaftan. Dei fekk så mykje at dei nesten ikkje fekk alt med seg. Da vi kom der på heimturen, fekk vi 200 skrei, og da måtte vi hive noko ombord i båten hans Isak, som hadde plass til litt meir enn han hadde fått.
Johan Sandvik og han der nærøykaren hadde fått ordna med oppheng i Sandvika, og der leverte vi fisken. Sandvik-karane hadde fått tak i noko material som dei visst hadde tenkt å bygge hus av, men no vart det fiskeoppheng i staden.
Det var ein stor sjau å få ordna dette, og med å henge opp all fisken. Det var ein heil mannhusing som var der og hjelpte til- og kjerringane i Sandvika ordna mat til oss. Så vi svalt ikkje.
Johan hadde leigd eit par ungdommar til hjelp med arbeidet. Det var Harald Stene og Sverre Sandvik. Dei heldt på nesten døgnet rundt.
Garna i Flesa var fulle av fisk påskeaftan og, og det vart ikkje mykje til helg, verken for ungdommane eller oss andre.
Vi – Olav og eg, var også med på denne sjauen. Eg sykla frå Faksdal om Tranås og til Sandvika. Så fekk vi slep med "Tobias" til Flesa - og så var det same vegen tilbake. Og fin fangst gjorde vi.
Men ungdommane fekk nok å gjera. Dei heldt på både påskeaftan og natta til første påskedag - og var ferdige til kjerketid. Eg kom og heim før kjerketid, men det var jamen berre såvidt!
- Lønna til ungdommane?
- Den var ikkje rar. Dei hadde kr.1,50 for dagen - utan noko ekstra for natta. Dei starta arbeidet i sekstida om laurdagsmorgonen og var ferdige utpå føremiddagen søndag, det vart over eit døgn, det, og neste utan kvil.
- Korleis var det å vera i lag med Olav?
- Jau, det var greitt nok, det. Han sa ikkje så mykje, men - jau - nok.
- Korleis det?
- Jau, for eksempel var det ein dag at han hadde bedt meg ta med hammar og spiker, for det var ein plikt i båten som var i ferd med å gå sund. Det lova eg no, men det vart med lovnaden, for da vi var komne eit stykke utpå, spurde han etter hammeren. - Nei, den hadde eg glømt!
- "Taltpinni!" sa Olav, han skulle ordne dette dagen etterpå

Men den som glømte hammaren, var Olav. Eg kunne ikkje dy meg, eg måtte minne han på det.
- "Den som har for mykje å hugse på, han glømmer eitt og anna!" sa han.
- De fekk meir fisk i Flesa enn i Gjæslingan, forstår eg?
- Ja, på den korte tida, så. Vi drog 260 skrei på påskelaurdagen der ute. Så mykje fekk vi aldri på ein gong i Gjæslingan. Men det var fordi vi fekk hive fisk over i båten hans Håkon Sandvik, elles hadde vi sokki ned.
- På Jøabua var vi femten mann, men eg hugsar ikkje alle som var der. Håkon Engesnes var der i lag med Adolf og Olav Sæther .
Vi låg på loftet i flatseng, og gammalkarane var ikkje særlig glade i frisk luft. , Eg låg slik til at eg kunne lure opp ei luke, men da varskudde Iver Faksdal: "No hi dem verri ut, de her freskluft-bres-pinnan igjen!" sa han.
Alma var kokke i Gjæslingan nokre år før, i første halvdel av 1920-talet. Det var ei bu der det var 22 mann.
Karane hadde for det meste med seg råvarene heimafrå. Det var flesk, kjøtt, smør, brød, tjukkmjølk og diverse anna. Dei fleste hadde med seg brød, men det var nok dei som kjøpte på butikken eller bakeriet. For det var bakeri der, ein frå Rørvik som dreiv det, visst.
- Enn potet?
- Det hugsar eg ikkje heilt. Somme hadde kanskje med seg, andre fekk nok tak i på butikken. Det trur eg nesten.
Både kjøttmaten og potetene vart kokte på "fellesen", men kjøttstykka merka dei sjølv, slik at dei kunne kjenne dei att når dei skulle eta.
Fisken derimot, gjekk på "fellesen". Han vart alltid kokt, eg kan ikkje hugse at eg steikte fisk nokon gong.
Men flesket steika gjerne karane kvar for seg, og så hendte det dei steika torsketunger. Det og gjorde dei sjølve.
Derimot var det eg som koka skrei, lever og rogn, og så vart det laga "milli".
- Korleis vart den laga?
- Jau, når vi hadde koka fisken, braut dei flatbrød i tallerkenen og helte over fiskekraft slik at brødet vart bløytt opp. Deretter sika dei av krafta, hadde på leverfeitt, mysost og sirup. Det var omtrent som når vi laga "milli" heime, berre at vi da brukte kjøttkraft å bløyte brødet med, og så hadde vi på dyrefeitt. -og så hadde vi på sukker eller sirup og mysost. Fiskmilli var ganske godt, det og.
- Det var ikkje som den såkalla "mølja" dei brukte oppi Nord-Norge?
- Nei, den var nærmast som ferskfisk og lever, det - som vart koka i lag.
- Var dette ein sjølvstendig rett utan noko anna til?
Her er Alma og Reidulf ikkje heilt einige. Alma meiner det var ein sjølvstendig rett, mens Reidulf trur at det vart brukt etter "hovudretten".
- Som ein dessert, da kanskje?
- .jau, det var no helst det, seier Reidulf, mens Alma held på sin versjon. Skal nedskrivaren vera så diplomatisk å seie at begge delar sikkert stemmer?
Alma nemner dette med torsketunger, som nok var ein etterrett - som dei sørgja for kvar for seg.
- Korleis var det med vatn uti været?
- Å, du veit, ein måtte vera redd om takdroppinn! svarar Alma på ein måte som vi godt kan seie er ekte "duunsk".

**************************************

ÅSMUND ALMVIK
var ikkje så heldig med fisket som Reidulf var .
Over ein kopp kaffe på butikken på Seierstad fortel han at han var på vinterfiske i Gjæslingan i 1932.
Det var ein dårlig sesong, svært dårlig. Han rodde i lag med Konrad Holvik. Det meste dei fekk på ein dag var 28 skrei, seier han. Men det var meir vanlig at det var "svart hav", at dei ikkje fekk ein einaste fisk.
"Det vart no litt meir av slitet i skogen," seier han, og det var visst ikkje stort å leva av, det heller .
Åsmund og Konrad heldt til i ei bu som vart kalla "Gammelbua", og det er kanskje den som før vart kalla "Skjærvikbua", den som i 1908 var ått av Salamon Skjærvik, men dette er ikkje Åsmund sikker på.

OLE ALEKSANDERSEN BRAGSTAD
fortalde ein gong at han og hadde vori i Gjæslingan i dei her skrale åra. Dei fekk så lite fisk at dei knapt hadde til maten, sa han.
"Så vart det sett i gang nødsarbeid heime. Dei skulle sprenge veg rundt Brakstadhammaren. Før var det veg nedi fjæra.
Da for vi heim og tok oss nødsarbeid. Det var ei lønn på 1,50 kroner dagen, men det var sikrare forteneste, det, enn å ligge uti Gjæslingan.
Og så fekk vi no skikkelig veg utover til Brakstad!"

ROLF TRANÅS FORTEL:
"Far min var med i Gjæslingulykka i 1906. Han berga livet, som så mang ander som segla unna veret.
Men det var eit fryktelig uver, dem såg mest itj handa for sæ, og dem vesst itj kor dem var. Itj før dem kom fram te Gauvinn. Gammelkaran koinn høyr på lyden ka de forskjellige bråtta sa, og det var ein gammalkar med i båten som sa: "No høyri æ Gauvinn bryt, no veit æ kor vi e hen!"
"Dermed koinn dem legg om kursen litt, og slik hamna dem i Sandvikvågen, der dem la ut frå da dem for te Gjæslingan.
Det gjekk no bra med dem!" seier Rolf.

********************************************************************

Eg veit det er dei som helst ikkje vil feste Duun si dikting til nokon fast stad, og gjerne for meg. Eg kan likevel ikkje sjå at diktinga hans blir mindre "universell" for det om vi i svært mykje trur vi kan kjenne att somme stader - som han i det minste må ha brukt som utgangspunkt.
Og verket hans blir slett ikkje mindre verdfullt av den grunn. Vi veit at somt av det han skreiv, har han henta i hendingar og menneske han kjente. Og vi veit og at da han var på dei to studieferdene til Sverige og Tyskland, så skriv han rett ut at han ville studere måten andre forfattarar brukte sitt "millieu" på!
Duuns rapportar er tilgjengelige for kven som helst.
Dessutan, hadde han ikkje kjent menneska så godt som han gjorde, kva hadde han så å gå ut frå?